NYTT HEFTE: Åge Årdal (innfelt) har no gitt ut eit nytt hefte med fotturar i Lærdal.
NYTT HEFTE: Åge Årdal (innfelt) har no gitt ut eit nytt hefte med fotturar i Lærdal. (Bilde: Illustrasjon/privat)

Har gitt ut nytt turhefte med «noko attåt»

I Åge Årdal sitt turhefte «Fotturar Øyri, Tønjum, Ljøsne, Erdal» får lesaren også kulturhistorisk stoff tilknytt nokre av turane

Lærdal: – Dalen og fjella i Lærdal har mange flotte turmoglegheiter. Dette turheftet beskriv eit utval av desse i nordre del av bygda; innhaldet er delt inn i seks turområder: Øyri Nord, Øyri Sør, Tønjum, Ljøsne Sør, Ljøsne Nord og Erdal med totalt 48 ulike turar, seier Årdal.

Heftet er ein oppfølgar etter turheftet «40 fotturar i Borgund» som Årdal gav ut i fjor.

Les også: Åge har samla på 40 turar i Borgund​

– Lærdalen er ein typisk U-dal med flat dalbotn og bratte fjellsider, der stølane var plasserte på om lag 1000 meter over dalbotn, der fjellsida går over til fjellvidde og beiteområder. Turane til desse stølane er i kategorien raud, gåtid 4-5 timar tur/retur. Men det er mange kortare turar, blå og grøne, nede i dalbotnen. 

Artikkelen held fram etter teiknforklaringa.

GRADERING: Årdal nyttar den nye norske fargekoden for å gradera turane.
GRADERING: Årdal nyttar den nye norske fargekoden for å gradera turane.

– På mange av turane har eg i tillegg til sjølve ruteskildring prøvd å ta med ein del kulturhistorisk stoff som for eksempel stadnamn langs turvegane. Segnene om Torssteinen, Trumbesteinen og Jutlamannen er med. Turheftet på 52 sider eignar seg også godt til lesestoff for den som, av ulike årsaker, ikkje kan gå turane.

Mange ønskja seg eit slikt hefte

Turskildringane har ikkje GPS-koordinatar, forklarar Årdal.

– Her finn du fram, på dei aller fleste rutene ved å følgje merka og umerka stiar. Ta med deg kart og orienter deg om alt du ser av fjell rundt deg. 

– Korleis kom du på å laga heftet?

– Eg fekk mange positive tilbakemeldingar etter heftet eg laga om turane på Borgund; dette var noko som hadde vore etterspurd i mange år. «Du må laga eit hefte for oss også», sa mange lærdøler. Eg meinte dette eigentlig var ei oppgåve som kommunen, turlaget eller reiselivet burde ta slik dei gjer i mange andre kommunar. Når eg fann ut at dette ikkje var aktuelt, sette eg i gang på eiga med å samanfatte bilete, kart og tekst eg hadde liggande. Dette heftet er såleis fritt for kommunal stønad. 

– Har du planar om fleire hefter ?

– Ikkje med det første, eg har med desse to hefta dekka det meste av kommunen sitt turområde. Eg har imidlertid stor interesse for registrering av dei gamle stølane og det dei har hatt å seia for busettinga i dalen. Kanskje lagar eg noko om det.

– Kor mange har du selt til no, og kor mange har du trykt opp ?

– Heftet blei lansert på Lærdalsmarknaden der eg var nøgd med å selja om lag 75. Etter det er heftet lagt ut til sals i Lærdal på FK-butikken og «Smak av Sogn». Opplaget er på 300. 

Til toppen