Lærdal: – Det er dritkjedeleg med ein heilt kvit boks. Så eg måla inn linjene til Diabloen, som er logoen min. Og fargane i det italienske flagget - det er italienske bilar som er greia mi. Og med dette grepet ser ein at det er nokon med interesse for handverket som står bak, ikkje nokon som berre vil suga mest mogleg pengar ut av kundane, seier Johannes Einemo.
Han snakkar om lakkeringsboksen som han har kjøpt hjå eit godkjent lakkeringsfirma. Inni den står bilane han lakkerer - her er det lufting slik at kjemikaliane som går ut i omgjevnadane blir lufta ut gjennom golvet.
– Ein slik verkstad er ei kostbar investering, seier Einemo.
Ville skapa sin eigen arbeidsplass
Han har fagbrev i lakkering, men jobben hans har dei siste ti åra vore vedlikehaldsarbeid på plattformar i Nordsjøen.
– Dei tre siste vintrane har eg gått meir eller mindre arbeidsledig grunna nedturen i oljebransjen. Og eg har ikkje ro på meg til å sitja stille, så då ville eg skapa min eigen arbeidsplass.
Einemo har heile vegen lakkert bilar på fritida. Så fekk han i oppdrag av fetteren, Rune Einemo, å lakkera ein Harley Davidson som ein Easy Rider. Fetter Rune var særs nøgd med jobben og kasta fram ideen om at Johannes kunne starta lakkeringsverkstad i lokala han sjølv har som husar lastebilar. Her var det ledig plass som Rune tidlegare hadde leigd ut til E. Opedal & Sønner.
– Då tenkte eg - no startar eg lakkeringsverkstad.

Som tenkt så gjort, og i sommar var verkstaden oppe og gjekk.
– Eg byrja å laga den til rundt juletider i fjor og no har eg ein verkstad som det ikkje er lån på - det er eg godt nøgd med.
Måla første bilen sin med rull som tolvåring
Og responsen i marknaden har vore svært god - Einemo er på ingen måte arbeidsledig i lakkeringsverkstaden:

– Det har vore veldig bra, kundane kjem frå over alt. Eg driv også med kjøkenlakkering - lakkerer dører, skåp og skuffer. Har du eit tjue år gamalt kjøken kostar det gjerne hundre tusen for eit nytt, men ofte er det berre å lakkera så blir det like fint. Det er litt den resirkulasjonstankegangen eg har - folk kastar alt for mykje godt brukande ting no til dags.
Den same tankegangen har han om bilar - han kjøper bilar, gjerne litt spesielle, eldre modellar og restaurer. Prosjektet no er ein Ferrari 308 det berre vart produsert 300 eksemplar av. Han har også to Lamborghiniar og ein BMW 323i, 81-modell.
På sikt skal dei seljast, men førebels utgjer dei bilsamlinga hans.
– Eg kjøpte min første bil som tolvåring, ein Volvo 245. Den måla eg med rull - svart med gule striper.
– Har du nokre meir vanlege bilar?
– Eg har jo Peugeoten, ei stasjonsvogn. Den funkar som berre det - ein fantastisk bil som rullar på 0,44 på mila.
Hans eigne bilar reflekterer også kundesegmentet - det er alt frå folk som skal lakkera vekk riper på «vanlege» bilar til kundar med spesielle bilar som skal lakkerast heilt om.
– Eg har hatt inne bilar med alt frå ein verdi på null kroner til over ein million.
Leverer ikkje tilbake noko før han er heilt nøgd sjølv
Og det er litt av eit handverk; først skal bilen mattast, så sparklast, eventuelle bulkar må rettast opp, så skal grunning på, deretter må det slipast, så skal fylleren på, deretter farge og til slutt klarlakken. Mellom kvar prosess må det dessutan vaskast.
– Det tek tid og masse lakkprodukt. Og alle delprosessane må vera hundre prosent, gjer ein ikkje ein heilt god jobb med det eine momentet vil ikkje resultatet bli bra. Så eg er veldig nøyaktig.
To bilar står klare på verkstaden hans no, der av den eine skal lakkerast bakskjermen på, den andre har rusta på kanten av førardøra så oppskeining her må til.

– Det er masse gode bilmekanikarar rundt om, men det er lengre mellom lakkerarane. Og eg leverer ikkje tilbake noko eg ikkje er heilt nøgd med sjølv, ein må vera yrkesstolt for å gjera ein så god jobb som mogleg.
Johannes påpiekar at han er veldig takknemleg overfor eigar av bygningen, Rune Einemo, Lærdal Næringsutvikling, som har hjelpt han med å koma i gang, og Anders Skilbrei, som har bidrege mykje med oppbygginga av verkstaden.