BETRE KOMMUNEØKONOMI: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, legg fram tal som viser at dagens regjering har styrka kommuneøkonomien samanlikna med den raudgrøne regjeringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BETRE KOMMUNEØKONOMI: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, legg fram tal som viser at dagens regjering har styrka kommuneøkonomien samanlikna med den raudgrøne regjeringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Har gjort skremslane av skamme

Kommuneøkonomien har blitt styrka med Høgre i regjering, hevdar Bjørn Lødemel (H) og legg fram tala som bevis det.

Sogn og Fjordane: Tala viser at kommunane i Sogn og Fjordane har fått auka inntektene meir med dagens regjering enn med den raudgrøne, men Senterpartiets fylkesleiar, Sigurd Reksnes, er ikkje samd. 

– Dei siste åra har kommunane fått auka oppgåver som det kostar pengar å ta seg av. Dessutan har talet på flyktningar auka. Eg reagerer også på at Høgre sel inn desse tala samstundes som det no kjem eit nytt inntektssystem der mange kommunar vil tape titals millionar kroner. Vi frykta at dei ville innføre dette, og den frykta har slege til, seier han til Firda.

– Levert betre kommuneøkonomi

Tala som Høgre legg fram syner at den gjennomsnittlege realveksten i kommunane har auka frå 1,4 i regjeringsperioden 2009 til 2013 til 1,9 prosent i perioden 2013 til 2015, der Noreg har hatt ei blåblå regjering.

– Det mangla ikkje på frykt og skremslar før regjeringsskiftet i 2013. Me har gjort skremslane til skamme og levert ein betre kommuneøkonomi enn dei raudgrøne, seier Lødemel i ei pressemelding og får støtte av fylkesleiaren.

– Fasiten så langt er at kommuneøkonomien har blitt betre med Høgre i regjering. Dette bør vere ein av dei beste grunnane til å gje fornya tillit til Erna ved valet i 2017, seier Vidar Grønnevik (H). 

Her er tala Høgre legg fram

I perioden 2013-2015 har kommunane auka sine frie inntekter med vel 800 kroner per innbyggjar (faste 2015-kroner). I heile perioden 2009-2013 fekk kommunane auka sine frie inntekter med i underkant av 300  kroner per innbyggar (faste 2013-kroner).

For Sogn og Fjordane auka realveksten i frie inntekter per innbyggar frå 150 kroner i perioden 2009-2013 til 778 kr i perioden 2013-2015. I berekningane til Høgre har dei både tatt omsyn til endringar i oppgåver, kostnadsvekst og innlemming av øremerka tilskot. Slik meiner dei at bekrekninga viser realvekst og gjer tala samanliknbare over tid.

Til toppen