FLEIRE FUNN: Ein reimholdar, ei blikkplate med Eidsvollforsamlinga prega inn og ein boks med eit kvartssmykke og eit brev har Roy Trulssen funne rundt om i Lærdal dei siste åra. Privat foto
FLEIRE FUNN: Ein reimholdar, ei blikkplate med Eidsvollforsamlinga prega inn og ein boks med eit kvartssmykke og eit brev har Roy Trulssen funne rundt om i Lærdal dei siste åra. Privat foto

Har gjort spennande funn med metallsøkjar

Ei blikkplate med motiv av Eidsvollforsamlinga prega inn, ein liten reimholdar med fint mønster og eit brev på fransk i ein hjarteforma Lindt-boks har Roy Trulssen funne med metallsøkjar rundt om i Lærdal. 

Lærdal: – Blikkplata med Eidsvollmotivet fann eg på muren av ein av geværstillingane i Seltunåsen. Det var rart å finna denne på dagen for 200-årsjubileumet av den norske grunnlova, seier Roy Trulssen.

Han er mykje på tur rundt om i Lærdal og har ofte med seg ein metallsøkjar. Denne gjorde utslag då han var på tur i Seltunåsen for knappe tre år sidan.  

– På metallsøkjaren slår det ut på skalaen som «S-CAP» - det vil seia skrulokk - og det er hakket under neste nivå som er «ZINK», altså sink. Med andre ord er ikkje dette laga av noko spesielt kostbart materiale, forklarar Trulssen.

Kva er det?

KOR GAMAL?: Eidsvollmennene samlast som kjend i 1814, men når denne blikkplata stammar frå er vanskeleg å seia. Måla er 59 mm x 39 mm. Privat foto
KOR GAMAL?: Eidsvollmennene samlast som kjend i 1814, men når denne blikkplata stammar frå er vanskeleg å seia. Måla er 59 mm x 39 mm. Privat foto

Men kva det eigentleg er, framstår som eit aldri så lite mysterium. Først tenkte Trulssen at det kunne vera snakk om ei beltespenne, men det stemmer ikkje heilt. 

– Det kan vera frå ei snusdåse eller ein pastilleske sidan den er heilt flat og ikkje svakt boga, som er typisk for ei beltespenne, seier Trulssen.

Eit anna spørsmål er korleis blikkplata har hamna oppe ved geværstillingane. For i området går det to historiske vegar. Den eldste, omtala som postvegen, var ein rideveg ein ikkje veit når vart bygd, men truleg tidleg på 1600-talet eller deromkring.

Den andre vegen over Seltunåsen, ein kjerreveg som i dag blir mykje brukt av turgåarar, vart bygd midt på 1800-talet.

Tyskarstillingane Trulssen fann plata ved ligg eit godt stykkje utom begge desse vegane. 

– Det er murt opp ein del steintrepper gjennom ura. Her oppe ligg det nokre oppmurte bunkarar med samanraste tak og over der igjen geværstillingar. Her blei plata funne under noko mose på ein halvsirkelforma mur med utsyn nedover dalen, fortel Trulssen. 

Infrastrukturen i dette området vart laga av tyskarane, så at ei snus- eller pastilledåse som viser til Eidsvollforsamlinga i 1814 har hamna her oppe som tyskarane dreiv på 130 år seinare framstår som ei historisk nøtt. 

Har du idèar eller kunnskap om kva dette kan vera, og/eller ei meir eller mindre kvalifisert meining om korleis det har hamna ved tyskarstillingane? 

Kongevegsrelaterte?

BREV: Dette brevet Trulssen fann i Hedler har nok liten historisk verdi, men kva som står her framstår som eit mysterium. Privat foto
BREV: Dette brevet Trulssen fann i Hedler har nok liten historisk verdi, men kva som står her framstår som eit mysterium. Privat foto

Og Trulssen har gjort fleire interessante funn i Lærdal. Før den gamle brua ved Seltun vart rive då Vegvesenet oppgraderte E16 i 2010 hadde Trulssen ein runde med metallsøkjaren sin i dette området.

– Eg brukte vel eit par-tre timar opp og ned og rundt i haugen med det resultat at eg fekk gummistøvlane fylte med jord. Men eg fann eit hæljern ein liten reimholdar i messing eller bronse.

Dette er rett ved der Kongevegen frå slutten av 1700-talet munnar ut mot dagens E16. Ein reimholdar er altså bøylen ein stikk enden på eit belte eller ei reim inni så den ikkje skal "flagra".

– Begge delene kan vera kongevegsrelaterte. På reimholdaren er det eit mønster så fint at det såvidt kan sjåast utan lupe, seier Trulssen.

Geocatching?

Eit tredje funn han har gjort er i Hedler ved stien ned frå Mjølkeflaten - her det snakk om eit brev verken han sjølv eller Porten-redaksjonen klarar å tyda, truleg på fransk. Det låg i ein hjarteforma boks frå sjokoladeprodusenten Lindt saman med ei kvartssmykke, og er nok av vesentleg nyare dato enn dei andre funna.

SIDE2: Resten av brevet - trykk på plussteiknet for å blåsa det opp. Privat foto
SIDE2: Resten av brevet - trykk på plussteiknet for å blåsa det opp. Privat foto

– Eg hadde eigentleg fått i oppdrag å leita etter et smykke som var mista nede ved elva. Det fann eg ikkje og då tok eg ein ekstra sveip rundt i området og denne boksen med innhald blei funne nedgravd ved ein stor stein rett utanfor stien, seier Trulssen.

Han mistenkjer at dette kan ha med «spelet» geocatching å gjera, men boksen var ikkje merka som post for geocatching, som slike postar gjerne er.

– Brevet skjønar eg ikkje bæret av, så viss nokon av lesarane kan omsetja til norsk hadde det vore fint.

Til toppen