I MØTE: Jarle Offerdal (f.v.), leiar i Tønjum skyttarlag, Per Jarle Kristiansen og Sven Knagjenhjelm, tilhøvesvis anleggsleiar og advokat i Det frivillige Skyttervesen, var onsdag i møte med Lærdal kommune om planane for ny skytebane i Lærdal. Her tek Offerdal dei to frå DFS med på ei synfaring på det nye skytehuset. Foto: Ole Ramshus Sælthun
I MØTE: Jarle Offerdal (f.v.), leiar i Tønjum skyttarlag, Per Jarle Kristiansen og Sven Knagjenhjelm, tilhøvesvis anleggsleiar og advokat i Det frivillige Skyttervesen, var onsdag i møte med Lærdal kommune om planane for ny skytebane i Lærdal. Her tek Offerdal dei to frå DFS med på ei synfaring på det nye skytehuset. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Har gryande planar om ny skytebane i Lærdal

Skytebana i Øyridalen kan bli stengt allereie denne sommaren. Samstundes er planlegging av ny bane i startfasen.

Lærdal: - Det einaste området området me har funne ut at er eigna er to kilometer inn dalen frå siste huset på Mo, seier Jarle Offerdal, leiar Tønjum skyttarlag.

Laget har i lang tid ønskja seg ny utandørs skytebane, mellom anna fordi bana i Øyradalen ligg avsides og krev lang køyring. Difor vart det sett ned eit skytebaneutval tidleg på 2000-talet og fleire lokasjonar for ei ny bane har vorte vurderte.

- Me ønskja oss Tynjadalen, men her vil ikkje Forsvaret ha aktivitet. Så har me sett oss rundt i bygda, men ikkje funne plassen. Det er lite eigna areal fordi ei skytebane krev plass og må liggja eit stykkje unna busetnad, seier Offerdal.

- Banene skal ikkje vera plagsame for folk, og støy er hovudproblemet. Her er reguleringane svært strenge, og dette stoppar maneg baner, seier 
Per Jarle Kristiansen, anleggssjef i Det frivillige Skyttervesen (DFS).

Lærdalsbrannen sette arbeidet på vent

Siste brevet frå Forsvarsbygg kom i 2012, og framleis var det nei til skytebane i Tynjadalen. Så kom storbrannen i Lærdal januar 2014 som la skytehuset i ruinar. Frå då av har skyttarlaget hatt fulle hyre med å få nytt skytehus på plass.

- Difor har ikkje utandørs skytebane vorte jobba særleg med dei siste åra. Så kom det no i februar/mars eit brev frå Forsvarsbygg om at dei vil leggja ned bana i Øyridalen frå neste sommar av, og ta ei miljøkartlegging fram til då av kva miljømessige konsekvensar skytebana har hatt, seier Offerdal.

Noko som tyder nedstending av bana også i sommar, og i så fall vil den einaste skytebana i Lærdal vera den som ligg på Borgund - fram til ei eventuell ny skytebane kjem på plass. 

- Håpet er å få utsett stenging av bana i Øyridalen, og at me får behalda den nokre år til så me har eit tilbod til me eventuelt får ei ny bane på plass. Me skal i møte med Forsvarsbygg om dette, seier Offerdal.

Skal i dialog med grunneigarane omgåande

Onsdag var Offerdal og to representantar frå Det frivillige skyttervesen i møte med Lærdal kommune om arbeidet som ligg føre.

-  Det er spesielle reguleringstekniske tilhøve i slike saker. Me er på tilbodssida overfor kommunane her fordi dei ikkje har spisskompetansen på området sjølve, seier anleggsleiar Kristiansen.

I tillegg til han sjølv var advokat Sven Knagenhjelm med på møtet med kommunen onsdag.

- Om me klarar å koma i gang med reguleringsprosessen i løpet av eitt år, er det bra. Men først og fremst må me koma i dialog med grunneigarane i området me har peikt på, det må skje med ei gong, seier Offerdal.

- Viktig med slike møtestader

I tillegg til at det vil vera eit svært skrint tilbod for jegerskyting i Lærdal dersom skytebana i Øyridalen blir lagt ned utan at ei erstatning kjem på plass. I tillegg gir jegerskytinga på Tønjum skyttarlag si bane gode inntekter for laget.

- Og det er viktig for våre eigne medlemmar, pluss rekruttering. Me treng slike møtestader og aktiviteter i Lærdal. Skyting handlar om konsentrasjon og haldning - ein må følgja med og handtera eit våpen. Tryggleiken står i fokus - det er mange element utover å treffa blinken. Og det er lang tradisjon for skyting i Lærdal; laget vart stifta i 1885, seier Offerdal.

Anleggsleiar Kristiansen fortel mykje godt arbeid må gjerast for å få reguleringsprosessen i gang på eitt år.

- Undersøkjingar som er gjort seier at det er mogleg å få til skytebane på dette området. Prosessane er krevjande og krava strenge, men det sikra eit framtidsretta anlegg som ikkje er til sjenanse for folk. Men det er viktig at det blir tilrettelagt for å kunne driva med skytesport ei bygd som Lærdal. Det er det samfunnsoppdrag me i skyttarvesenete og skyttarlaga har.

Til toppen