DÅRLEG TANNHELSE: På Farnes ungdomsskule er tannhelsa blant elevane dårlegare enn på Tangen skule. At dei får reise på butikken i friminutta, er ein teori rektor ikkje vil spekulere i. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DÅRLEG TANNHELSE: På Farnes ungdomsskule er tannhelsa blant elevane dårlegare enn på Tangen skule. At dei får reise på butikken i friminutta, er ein teori rektor ikkje vil spekulere i. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Har ikkje direkte samanheng med dårleg tannhelse

Rektor ved Farnes skule, Per Kristian Pedersen, meiner det er å trekkja det for langt å seia at den dårlege tannhelsa hjå øvringane har ein direkte samanheng med at dei får gå på torget i matfri.

Årdal: FAU ved Farnes skule har nettopp tannhelse og kosthald på agendaen for tida. Leiar Vigdis Lio seier dei no jobbar opp mot skulen for å få endra ein del rutinar. 

I motsetnad til Tangen skule får ungdomsskuleelevane i Øvre Årdal lov til å forlate skulegarden i matfriminutta. Dette resulterer fort i at det blir kjøpt mat og drikke med mykje sukker i.

Det er viktig å understreke at det ikkje er gjort forsking på dette, men leiar ved tannklinikken i Årdal, Mona Nilsen, trur dette er ei viktig årsak til at tannhelsa til øvringane er dårlegare enn tangingane. At det er ein direkte samanheng mellom denne, er å trekkje det for langt, meiner rektor ved Farnes skule.

– Eg tenkjer at det blir spekulasjonar å kopla dei to tinga direkte saman. Me oppfordrar elevane til å ha med seg nista og ete den. Ungdomsskulelærarane antydar at 80 prosent har med seg niste, og då må me stola på det. Dette er tatt opp i elevrådet og samarbeidsutvalet.

Fått for lite merksemd

Nyleg blei dei i samarbeidsutvalet samde om å innføre skulemjølk att frå hausten. 

– Skulane har slikt nedfelt i planane sine. Me oppfordrar til sunt kosthald og snakkar med foreldra og elevane om dette. Eg føler me gjer dei tiltaka som skal til, seier han og legg til at han ikkje har fagleg belegg til å uttale seg ytterlegare. 

Medan tala for 2015 var ganske like, viser historia at tangingane alltid har hatt litt betre tannhelse enn øvringane. Generelt for Årdal, er det ingen grunn til smil. For 2014 viser tala at 40,5 prosent av 12-åringane i Årdal kommune var kariesfrie. Talet for resten av fylket er på 65 prosent. For 18-åringar er tilsvarande tal 11,6 prosent og 24 prosent. 

– Det er ein teori at dette kan ha samanheng med at i Øvre får dei gå oppover i storefri. Dette har me ikkje forska på, men eg har tre ungar sjølv, og eg veit dei er glad i cola og bolle. Unge i dag har meir pengar og har råd til å kjøpe seg nista, og då blir det ofte sånt. Eg trur det kan vere ein del av forklaringa, men ikkje heile, seier kommunalsjef for helse og omsorg Rigmor Svanberg.

– Kanskje det har vore for lite fokus på tannhelse. Det peikar seg ut som noko me absolutt burde gjera noko med. Eg veit FAU vil ta opp dette og ser på det som er betringspunkt, seier ho.

Usunt ikkje å ha nistepakke

Forslaga til FAU går mellom anna på å samarbeide med lag og organisasjonar om lunsj i kantina ein gong i blant. Dei vurderer også å prøve ut faste dagar der elevane kan få gå på torget og krever også at elevane ved ungdomssteget skal ete nista si saman med lærar i klasserommet slik dei gjer ved Tangen skule.

Rektor ved Tangen skule, Jan Kåre Stedje, seier dei kjenner til saka og har hatt det oppe for diskusjon fleire gonger. Det var ein periode dei opna opp for at elevane kunne forlate skuleområdet i friminutta, men slik er det ikkje lenger.

– Det gav seg utslag i manglande skikkelig nistepakke. Ein annan konsekvens var forsøpling. Me har ikkje vurdert det opp mot tannhelse, men dette går meir på at viss ein kjem på ungdomsskulen utan nista, så er det usunt, seier han.

Et niste med læraren

Stedje peikar også på at det er geografiske forskjellar på dei to skulane. Medan det på Årdalstangen vil ta rundt 15 minutt berre å gå ned til sentrum, tar det to minutt i Øvre Årdal. På Tangen skule foregår det første kvarteret av matfri inne i klasserommet.

– Det gir oss ei bra moglegheit til å sjekka nister og at alle et. Det fungerer bra for oss, men skulane må tilpassa det slik det passar dei best, seier han og legg til at han saknar fruktordninga som var før. På den måten fekk dei som ikkje hadde niste iallfall i seg frukt. 

– Det var slik at kommunane fekk tilskot, og så forsvann tilskotet, og då vart det skyvd over på elevane. Det var uheldig. Ordninga slik han var, var fantastisk flott. Det er eit økonomisk spørsmål om ein skal innføre det att. Alle syntest det var trist når ordninga forsvann.

Foreldreansvar

FAU meiner dei vaksne har ansvaret. Både Svanberg og Nilsen på tannklinikken meiner foreldreansvaret er stort, men Stedje er også klar på at skulane må gjera sin del.

– Me har eit felles ansvar for ungane, slik eg ser det. Me gjer ein del, foreldrene ein del og systemet ein del. På skulen kan me jobba med dette i timane, jobba med tannhelse, hygiene og vere grundig nok slik at elevane skjønnar det, men me kan også gjera vedtak organiseringssmessig. Viss det er ein samanheng mellom det å gå ut i matfri og tannhelse, så kan me seia at me ikkje gjer det.

Til toppen