Det er ukjent kva som er smittekjelda til dei tre tilfella av prionsjukdommen CWD (Chronic Wasting Disease). Det er konklusjonen til Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) i ein rapport som komiteen har laga på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.
– Alle norske hjortedyrartar kan vere mottakelege
CWD kan ramme og spreie seg mellom fleire artar av hjortedyr. Det går fram av rapporten at opphavet til CWD i Noreg ikkje er kjent. CWD kan oppstå spontant, sjølv om det aldri er påvist. Smittestoffet kan også ha komme til Noreg frå andre land. Det er også mogleg at sjukdommen har vore her i landet i lengre tid, men på eit så lågt nivå at han ikkje er blitt oppdaga.
– Vi må rekne med at alle norske hjortedyrartar kan vere mottakelege for sjukdommen, heiter det i rapporten.
- Les også: Dødeleg sjukdom påvist hjå norsk villrein
- Les også: Saltstein kan vera smittekjelder
VKM konkluderer med at det er svært liten risiko for at sau og storfe vert ramma av CWD. Det er også lite sannsynleg at menneske kan bli smitta, men for å vere føre-var bør ein avgrense menneskeleg kontakt med smittestoffet.
CWD-smitta blei første gong påvist i Europa i april etter prøvar frå ei reinssimle som døydde i Nordfjella i mars. I mai blei det også påvist CWD på to elgar i Trøndelag.