HÅPAR DET ORDNAR SEG: Ordførar Jan Geir Solgeim (Sp) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H), som er to av fem i selskapet Høgeloft, jobbar vidare med å få på plass asylmottak på Borgund i Lærdal. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
HÅPAR DET ORDNAR SEG: Ordførar Jan Geir Solgeim (Sp) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H), som er to av fem i selskapet Høgeloft, jobbar vidare med å få på plass asylmottak på Borgund i Lærdal. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Har ikkje gitt opp asylmottak – jobbar med korttidsavtale

– Me er skuffa over at me ikkje fekk vera med under denne anbodsrunden. Samstundes har me no meir tid på oss til å få alt på plass til neste runde, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir ​Solheim. 

Lærdal: Solheim er deleigar i selskapet Høgeloft, som er under stifting, i lag med varaordførar Trond Øyen Einemo, Knut Opdal, Stein Vidar Nemeth og Jan Ryde, som har teke privat initiativ til å opprette eit mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar på Borgund. 

For vel ei veke sidan var Oscar Nilssen, rådgjevar i Utlendingsdirektoratet (UDI) på synfaring, før avgjerda og avslaget om ei avtale kom sist fredag.

Anbodet som vart levert var på 38 plassar, med opsjon på ti pluss ti plassar, med eit tidsperspektiv på tre år, med opsjon på tre år til. Hero Norge As, som også driftar mottak i Vang og Årdal, har levert tilbod om å drifte mottaket i Lærdal. 

Gått fort - papira er ikkje i orden enno

– Det er manglande kommunale godkjenningar ligg til grunn for avgjerda i UDI, då alt må vera i orden etter statens innkjøpsreglement, fortel Solheim.

TRENG POLITISK AVGJERD: Alf Olsen jr. fortel det ikkje er praktisk mogleg å få på plass dei kommunale godkjenningane før tidlegast kommunestyremøtet 17. desember. Arkiv
TRENG POLITISK AVGJERD: Alf Olsen jr. fortel det ikkje er praktisk mogleg å få på plass dei kommunale godkjenningane før tidlegast kommunestyremøtet 17. desember. Arkiv

Rådmann Alf Olsen jr. forklarar at søknaden omregulering frå reguleringplanen, må opp til politisk handsaming, noko ein ikkje har hatt moglegheit til då søknaden kom inn kom siste veka av oktober. Naboane til mottaket må også få ein mogleheit til å uttale seg under høyringsrunden, noko som gjer at det ikkje er praktisk mogleg å politisk handsame dei kommunale godkjenningane som trengs før tidlegast 17. desember. 

– Alt har fått veldig fort. Frå å ikkje tenkje tanken, til svaret frå UDI fredag har det gått kring tre veker. Eg håpar det går i orden, behovet er stort og me har ei løysing som kan vera raskt gjennomførbart. Me har på ingen måte gitt opp. Det er framleis ein moglegheit at me får eit mottak for mindreårige einslege i seks år. Det er viktig å hugse kva dette gjeld. No blir nokre barn sittande lenger på akuttmottak, seier Solheim.  

Uklart når neste anbodsrunde blir – jobbar med direktekjøp

No vurderar selskapet å gå for ei avtale om direktekjøp av mottaksplassar, som i realiteten betyr ei avtale med eitt års varigheit. Det går raskara å handsame, før dei på ny prøver seg i neste anbodsrunde. 

I ein e-post til Porten.no skriv Nilssen i UDI at det er framleis behov for fleire mottaksplassar for einslege mindreårige asylsøkjarar i fylket, og at UDI difor gjer avtalar om direktekjøp av mottaksplassar med drift i seks månader, med opsjon på tre pluss tre månader. I dette ligg kjøp av mottaksplassar utanom konkurranse, der UDI stiller same krav til driftsoperatørarar og drift av asylmottaka, som i vanlege anbodsrundar.

Når neste anbodsrunde for ei langsiktig avtale som kan bli på totalt seks år, veit ikkje UDI per i dag. Men på bakgrunn av behovet ønskjer dei seg fleire tilbod i Sogn og Fjordane, skriv Nilssen.

– No har me litt betre tid til å få alt på plass for å bli med i neste anbodskonkurranse. Det er viktig å vera grundige og me vil fortsette arbeidet for å få på plass eit langsiktig avtale om mottak over seks år. 

Treng fleire brakker

Brakkerigget som selskapet alt har sikra seg, fekk dei for 1.2 millionar pluss moms. Det utgjer kring halvparten av kva dei treng til mottaket, og no jobber dei med å skaffe fleire brakker. Med tilleggsutstyr, brakker og å setje mottaket i stand ser ordføraren for seg at dette er eit prosjekt som ligg på mellom 5 og 6 millionar kroner. 

– Men her er det ikkje snakk om 700 kroner døgnet som ved eit akuttmottak. Med kring 50 personar og med forsikringar og alt undervegs, så har me nok betalt bygget og sit att med det etter seksårsperioden. Me skal ikkje bli rike på dette, det er ikkje meininga og bakgrunnen til inititativet. Me såg moglegheiten til å nytte kommunale bygg betre og å skape mellom 17 til 25 nye arbeidplassar, då Hero, som skal drifte, har ikkje folk å flytte. Dei har sjølv dobla talet på tilsette det siste året, fortel han. 

Solheim legg også til at det er behov for kontor og hus til dei tilsette. Han ser også for seg at ein kan få behov til å bruke skulebygget på Borgund, kanskje også på Ljøsne.

– Det er mange barn her som ikkje har fullført grunnskuleopplæring, sjølv om dei kan ha er 14 og 15 år. Dei må også gå i gang med å lære norsk med ein gong. Då treng dei klasserom og lærarar, seier Solheim.

Forstår skepsisen blant folk

– Du har vel fått tilbakemeldingar dei siste tida?

– Det har eg. Eg forstår godt skepsisen blant folk, dei har meiningar både om meg og om Lærdal skal ha eit slikt mottak. Eg er likevel ikkje i tvil om at me må ta ein del av samfunnsansvaret og tykkjer eit mottak for einlege mindreårige asylsøkjarar er det rette for oss. Eg fann ingen i Lærdal som ville gjera det, difor tok eg initiativ. Det angrar eg ikkje på. 

– Kan du no få problem ved handsaming av politiske saker?

– Me skal ikkje drive mottak og det eineste eg gjer er å vera medeigar i eit bygg, som blir leigd ut til staten. Eg er ikkje ugild med tanke på busetting av flyktningar, men om det dukkar opp sakar som omhandlar det bygget, er eg sjølvsagt ugild, seier ordføraren. 

Til toppen