INNSPURT: Nokre dagar før stortingsvalet ligg Senterpartiet på vippen til å få inn to kandidatar på Tinget. Aleksander Øren Heen kan bli den andre, dersom alt går hans veg. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Stortingsvalet 2017

Har ikkje gitt opp kampen om stortingsplass

Trass i utfordrande utgangspunkt, kan Aleksander Øren Heen (Sp) framleis få plass på Stortinget. Då er han avhengig av ein god porsjon personrøyster.

Årdal: – Det er teoretisk mogleg, seier politikaren frå Årdal.

Han er 4. kandidat til Stortinget frå Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Dette må skje for at Øren Heen skal få plass i det høgaste organet i norsk politikk.

Utgangspunktet er at Senterpartiet tilnærma garantert kjem inn med ein kandidat, og det blir 1. kandidat Liv Signe Navarsete – noko anna ville vera ein sensasjon av dimensjonar.

Men Senterpartiet kan også koma inn med to kandidatar. Hadde ei meiningsmåling utført av Respons Analyse publisert i Bergens Tidende på søndag vorte valresultatet, ville Senterpartiet ha kome inn med berre ein kandidat frå Sogn og Fjordane. Den kandidaten blir det i så fall Høgre som «får».

Men får Høgre 180 færre stemmer og Senterpartiet det same talet stemmer som i meiningsmålinga, kjem Sp inn med to og Høgre får ikkje inn nokon på Tinget direkte. Det same skjer om Sp får 386 fleire stemmer enn resultatet i målinga, og Høgre får same talet stemmer som i målinga.

– Taktisk lurt å stemma Senterpartiet

I praksis, og enklare sagt: Tilstrekkjeleg fleire stemmer til Senterpartiet frå fjordfylket i kombinasjon med tilstrekkjeleg færre stemmer til Høgre, og Senterpartiet er inne med to kandidatar.

– I eit val som ligg an til å bli veldig tett, både på landsbasis og når det gjeld røystene i Sogn og Fjordane, vil det vera taktisk lurt å stemma Senterpartiet dersom ein vil velta regjeringa, meiner Øren Heen.

Det er  første føresetnad for at han sjølv skal ha nubbsjanse til stortingsplass. Den andre er at han får nok personrøyster - det vil seia at han blir plassert høgare på lista av den røysteføre.

Fordi Øren Heen er 4. kandidat frå Sogn og Fjordane, må han koma seg forbi både 3. kandidat Sigurd Reksnes og 2. kandidat Steinar Ness. Då må følgjande skje:

Øren Heen må få minst åtte prosent personrøyster frå Sp-velgjarane i Sogn og Fjordane, og samstundes må Reksnes og Ness få færre personrøyster enn årdølen. Fordi kandidatar kan byrja å «hoppa» på lista først når vedkomande har minst åtte prosent personrøyster frå sine velgjarar i sitt fylke.

Trekkjer fram kampen om å behalda Sogn og Fjordane som eige fylke

Til dømes: får Øren Heen åtte prosent personrøyster medan Reksnes og Ness berre får sju, går han forbi dei på lista. Får Øren Heen sju prosent og dei to andre seks, står lista uendra.

– Eg fekk mange personrøyster under fylkestingsvalet. Og eg håpar folk ser på meg som ein verdig stortingskandidat, seier han.

– Kvifor bør du inn på Stortinget i staden for andre- og tredjekandidat?

– Eg har ikkje tenkt å laga nokon valkamp mot andre kandidatar frå mitt eige parti. Men eg har lyst på stortingsplass, så om årdøler og andre sogningar meiner eg bør få det, kan dei plassera meg opp på lista.

– Viss det er ei sak du vil jobba spesielt hardt for, dersom du kjem på Tinget – kva er det?

– Dette er eit val om Sogn og Fjordane skal halda fram som eige fylke eller ikkje. Me ser at strukturar betyr noko for kva tilbod me får behalda lokalt.

Til toppen