FUNGERER: Det nye hjortegjerdet rundt kyrkjegarden i Øvre Årdal held førebels hjort og rådyr unna gravplassen og blomane som pårørande pyntar opp gravene med, fortel Oddbjørn Einan, som også også takkar for pengebidraga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FUNGERER: Det nye hjortegjerdet rundt kyrkjegarden i Øvre Årdal held førebels hjort og rådyr unna gravplassen og blomane som pårørande pyntar opp gravene med, fortel Oddbjørn Einan, som også også takkar for pengebidraga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Har ikkje sett noko til hjorten enno

Det nye hjortegjerdet rundt kyrkjegarden på Farnes ser ut til å gjere jobben.

Øvre Årdal: Kyrkjegarden har førebels ikkje hatt inntrengarar frå dyreverda etter at gjerdet vart sett på rett før jul.

Det betyr at blomar og kransar som folk har pynta med til jul førebels er nettopp pynt og ikkje mat til svoltne hjort og rådyr.

– Gjerdet har fungert etter hensikta. Det er ikkje registrert skader frå hjort eller rådyr etter at det vart ferdigstilt, fortel Oddbjørn Einan i soknerådet. 

Endå meir gledeleg er at dei nesten er i mål med kronerullinga. Før jul bad han om hjelp til finansiering av gjerdet. No er litt over 30 000 av dei 40 000 kronene Årdal kyrkjelege fellesråd skulle inn med komne inn.

– Kronerullinga har så langt gjeve oss 30 775 kroner, der Årdalsnett åleine har sponsa oss med 20 000 kroner. Me er svært takksame for alle bidraga og vil halde kontoen open ei tid framover, held Einan fram.

Han legg til at det i desse dagar vert montert gangportar ved dei to turstiane mot Ureveita.

– Me reknar med at turgjengarane er ansvarlege og passar på å late portane skikkeleg att etter seg. Hjorten finn fort porten dersom den er open.

Til toppen