BRANNTOMTA: Måndag kveld tok det til å brenne i ein omsorgsbustad i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
BRANNTOMTA: Måndag kveld tok det til å brenne i ein omsorgsbustad i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Har kartlagt årsaka til brannen

Politiet kan til no ikkje slå fast kva som er brannårsaka, men ser bort ifrå at brannen var påsett eller oppstod på grunn av elektriske feil.  

Måndag kveld tok det til å brenne i eit kommunalt omsorgsbygg som inneheld fleire bueiningar i Øvre Årdal. Seks personar vart evakuert, der dei fem bebuarane fekk tilbod om mellombelse bualternativ av kommunen. 

Alt onsdag antyda lensmann i Årdal, Magne Knudsen, at brannen starta utvendig ved inngangspartiet til den eine bueininga. Onsdag snakka politiet i tillegg med aktuelle personar i området, for å koma nærare eit svar. 

Les også: Politiet: – Brannen starta truleg utvendig 

Torsdag var kriminalteknikarar på plass for å gjere undersøkingar av åstaden. Knudsen håpar rapporten frå kriminalteknikarar kjem i neste veke, men reknar likevel med at politiet alt no er så nær ein kan koma eit svar. 

– Me ser bort i frå at brannen oppstod som resultat av elektriske feil og at brannen var påsett. Nokre detaljar står likevel att, som rapporten nok vil gi svar på, seier han. 

Knudsen rosar og seier i tillegg at han er imponert over korleis beburarane har takla opplevinga med brannen og å flytte til mellombelse bustadar. 

– Dette har dei takla på ein flott måte, seier han. 

BRANN: Den eine bueininga fekk store skader av brannen, medan dei andre kan ha fått vass- og røyskadar.
BRANN: Den eine bueininga fekk store skader av brannen, medan dei andre kan ha fått vass- og røyskadar.

Frå alarmen gjekk om brannen måndag kveld, tok det ikkje meir seks minutt før alle beburarane var evakuert frå det brennande bygget. Nærleik og god jobb frå starten var avgjerande for at naudetatane raskt fekk kontroll på brannen.

Les også: Nærleik og god jobb frå starten var avgjerande

Til toppen