BEREKRAFTIG: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, peika på mange faktorar som er viktige for at reiselivet skal vera berekraftig. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
BEREKRAFTIG: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, peika på mange faktorar som er viktige for at reiselivet skal vera berekraftig. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

– Har knapt plass til fleire turistar i sommarmånadane

Sommarturismen i Sogn går så godt at turistar blir sendt til overnattingsverksemder i Hallingdal, Sunnfjord og Gudbrandsdalen for å oppleva fjordane.

Aurland: - Lom, Skei, Hemsedal og Geilo er flotte plassar, men det er ikkje mandatet vårt å senda turistane dit, seier Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Onsdag var det parkmøte på Fretheim Hotell i Flåm i regi av Nærøyfjorden verdsarvpark, Aurland kommune og Visit Sognefjord.

Tittelen for det opne møtet var "Berekraftig reisemål 2027?". Innovasjon Norge har merkeordninga "berekraftig reisemål" - eit tilbod til norske reisemål som ønskjer å ta eit ansvar for reiselivet si negative påverknad på miljøet. Berre elleve destinasjonar i Noreg står på lista til Innovasjon Norge, mellom andre Lærdal.

Les også: Lærdal fekk fornya statusen

Må "jakta" turistane som vil koma utom sommarsesongen

Utgangspunktet for parkmøtet var om Aurland, som har satsa på masseturisme, også kan koma på denne lista i framtida. Fleire utfordringar som har med berekraft for turismen i både Sogn generelt og Aurland spesielt å gjera vart peika på av innleiarane, og tilhøvet mellom kvantitet og kvalitet var eit tema som gjekk att hjå fleire

For sommarturismen går svært godt; ikkje berre i Aurland, men i heile Sogn er overnattingskapasiteten meir eller mindre er sprengt frå juni til august.

- Difor treng me at denne kapasiteten blir bygd ut. Somme vil kanskje seia at det er dårleg business fordi det blir stor overkapasitet resten av året. Men turismen andre deler av året er på veg opp, sa Brandshaug.

Dreiinga mot heilårsturisme har vore jobba mykje med dei seinare åra, og Brandshaug var klar på at dette er eit viktig innsatsfelt den næraste framtida.

- Me må "jakta" dei turistane som vil koma til andre årstider enn midt på sommaren, og dei som er viljuge til å betala mest mogleg for å sjå "urørt", norsk natur. Og dei finst, sa Brandshaug.

- Må halda verdiskapinga lokalt

Det er ei side av saka; ei anna er utfordringa med å halda eigarskapen til norsk reiseliv på norske hender. Her viste Brandshaug til at ei kinesisk verksemd har kjøpt opp eit hotell i Rogaland for å nytta seg av turismen i samband med Preikestolen.

- Selskap frå andre land har lenge sett at reiselivet i Noreg vil veksa og prøver å koma inn. Ein ser til dømes reiselivet i Karibien som går godt, men der verdiskapinga ikkje skjer lokalt fordi aktørar frå andre land har kjøpt seg opp.

Om kvantitet får for mykje fokus i høve kvantitet, kan ein koma til eit punkt der attraktiviteten fell, forklarde Hanne Lykkja frå Nærøyfjorden Verdsarvpark, som har jobba med berekraftig og bruksretta forvalting av turismen.

- Stor trafikk kan gå ut over opplevinga for den einskilde turisten.

Brandshaug nemnde også at han ser tendensar til dette problemet i Flåm alt no.

- Me har operatørar som seier at dei ikkje vil til Flåm fordi det er så mykje folk der og difor vil reisa til andre destinasjonar i Sogn. Vil me ha det slik? spurde han.

Les også: Slik håpar dei å gjera Aurland til eit "berekraftig reisemål"

Vil ha fleire turistar til alle årstider

VIKTIG MED VOLUM: Aurlandsordførar Noralv Distad.
VIKTIG MED VOLUM: Aurlandsordførar Noralv Distad.

Aurlandsordførar Noralv Distad på si side meinte i si innleiing at det framleis er rom for vekst i turismen også sommarstid.

- Reiselivet i Aurland er basert på volum; stort volum er heilt avgjerande for å få tilfredsstillande inntening. Me ønskjer vekst i turismen i alle årstider. Somme seier det er for mykje turistar i Aurland; eg seier at det er alt for lite. Me har ledig kapasitet nesten kvart overnattingsdøgn heile året.

Brandshaug i Visit Sognefjord var klar på ein ting:

- Infrastrukturen her i Flåm må det gjerast noko med, den er ikkje tilfredsstillande løyst når det kjem til toalettkapasitet og søppelhandtering.

Han minna også om at UNESCO-statusen ikkje nødvendigvis varar evig.

- Statusen blir vurdert kvart sjette år; neste gong er i 2019. Etter alt å døma vil Nærøyfjorden behalda statusen både då og framover, men me skal vera bevisste på at UNESCO kan seia: Sorry, de følgjer ikkje godt nok opp, så de mistar statusen.

Har drift 360 dagar i året

May Lene Steinheim Lunden, dagleg leiar i Flåm Guideservice, fortalde om korleis og mannen, Rune Tokvam tenkte då dei starta selskapet i 2003.

-  Målet var nettopp å få heilårsdrift og lokal verdiskaping. På den eine sida for å få folk til å flytta hit og vera her i Aurland, for det andre at lokale verksemder kunne veksa på turismen; til dømes har me hatt stort fokus på lokalmat. No har me drift 360 dagar i året, og blant dei som skal jobba hjå oss i sommar treng berre sju å leiga bustad; dei tjuefem andre er lokale. 

Steinheim Lunden fortalde vidare at dei jobbar med å driva mest mogleg grønt, mellom anna gjennom eit prosjekt med Kunnskapsparken der ein jobbar med å få mest mogleg miljøvennlege motorar på RIB-båtane.

Samstundes som Steinheim Lunden heldt si innleiing kom Flåmsbana til Flåm stasjon og hybridbåten Fjordsyn la til kai medan den ikkje veldig tette turistmassen tusla rundt i Flåm sentrum og fotograferte eitt av dei største skipa som legg til hamn denne sesongen - "Britannia".

Artikkelen held fram under biletet

OPPSKRIFTA: Grøn teknologi, som hybridbåten "Fjordsyn" (her med cruiseskipet "Britannia" i bakgrunnen) er eit døme på og heilårsturisme i form av meir jamn straum av besøkjande gjennom årstidene  er noko av oppskrifta på berekraftig reiseliv. 
OPPSKRIFTA: Grøn teknologi, som hybridbåten "Fjordsyn" (her med cruiseskipet "Britannia" i bakgrunnen) er eit døme på og heilårsturisme i form av meir jamn straum av besøkjande gjennom årstidene  er noko av oppskrifta på berekraftig reiseliv. 

- Guidane våre opplever at turistane som er her om sommaren har veldig dårleg tid; dei ser på klokka og må nå det og det. Det er noko heilt anna no om våren og på vinteren; turistane er mykje meir rolege. 

Til toppen