INNHALD: – Kommunen sitt ansvar er bygningsmassen, og det verste er om den blir ståande tom og ubrukt; då forfell den veldig fort, seier kommunalsjef for tekniske tenester i Lærdal kommune, Alf Magne Hjellum, om no nedlagde Ljøsne skule. Arkivfoto
INNHALD: – Kommunen sitt ansvar er bygningsmassen, og det verste er om den blir ståande tom og ubrukt; då forfell den veldig fort, seier kommunalsjef for tekniske tenester i Lærdal kommune, Alf Magne Hjellum, om no nedlagde Ljøsne skule. Arkivfoto

Har kome fleire idéar til bruk av bygningane

Mellom anna kan naudetatane vera interesserte i å nytta Ljøsne skule til opplærings- og treningssenter.

Lærdal: – Det er godt eigna lokaler for oss i i innsatsstyrkane; politi og brann. Då med tanke på trening og opplæring. Det er til og med ein gymsal der så me kan halda oss i form, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Som kjent er Ljøsne skule no lagt ned og Lærdal kommune har jobba med å finna aktørar som kan tenkja seg å nytta eller kjøpa lokalet.

Også kommunalsjef for tekniske tenester i kommunen, Alf Magne Hjellum, stadfester at dei er i dialog med politiet og brannvesenet om ein form for trenings- eller opplæringsssenter:

– Det har kome eit innspel eller ein idé frå politiet og brannvesenet om at dei kanskje kan nytta bygningane til kursing og opplæring i etatane. Dei har styrkja fokus på å løysa oppgåver og aksjonera i lag etatane imellom, så det er i denne samanhengen dei finn bygget interessant.

Les også: Kva vil skje med bygningane?

– Idèstadium

Hjellum er tydeleg på at dette på noverande tidspunkt er på eit idèstadium:

– Det er ikkje planlagt noko i detaljar; ikkje kva det skal innehalda eller konkret kva det kan bli. Me må gjera nokre vurderingar og laga ein forstudie på kva ein kan få til. Men det høyrest ut som ein god idé; dette er noko som trengst ikkje berre her i Lærdal, Årdal og Aurland.

Han påpeikar vidare at det viktigaste for kommunen sitt vedkomande, er at bygningane ikkje blir ståande tomme:

– Kommunen sitt ansvar er bygningsmassen, og det verste er om den blir ståande tom og ubrukt; då forfell den veldig fort. Så me er interesserte i at det skal skje aktivitet i bygget; kanskje også at nokon tek over. Og kunne det koma noko som kan gi arbeidsplassar i bygda, ville det vera heilt supert. 

Hjellum er også klar på at kommunen gjerne tek i mot innspel og idèar til bruk av bygningsmassen:

– Me må sjekke ut dei innspela som er komne, men så må gjerne andre som har idèar og tankar for bygningane ta kontakt. Frå kommunen si side skal me gjera det me kan for å skapa aktivitet her.

Universitetet i Bergen har leigd skulen nokre veker i haust

Til hausten skal dessutan ei gruppe studentar nytta seg av bygningsmassen i samband med eit arkeologisk feltarbeid dei skal gjera i Lærdal:

– Universitetet i Bergen har leigd bygget i nokre veker til hausten, det gir også litt inntekter, seier ordførar Jan Geir Solheim.

– Når det er fleire interessantar og idèar for bygningen allereie er det kanskje godt håp om at det vil kunne bli aktivitet her framover?

– Det heilt klart mest uheldige er om bygningen blir ståande tom over lengre tid; då forfell den veldig fort, noko som ville vera sørgjeleg for alle. 

Til toppen