MÅ TRULEG FLYTTA: Tilstanden for huset som husar ungdomsklubben Kosen i dag er såpass dårleg at det anten må rehabiliterast eller klubben må flyttast. Arkivfoto
MÅ TRULEG FLYTTA: Tilstanden for huset som husar ungdomsklubben Kosen i dag er såpass dårleg at det anten må rehabiliterast eller klubben må flyttast. Arkivfoto

Har kome fram til tre alternative plasseringar av ungdomsklubben

Prosjektgruppa som har jobba med å finna alternative lokale til ungdomsklubb i Lærdal, ser biblioteklokalet som beste alternativ. Men, det er eit par "men".

Lærdal: - Dei vil jo helst vera der Kosen held til i dag, men det ser ikkje ut til å vera aktuelt. Då er det lokala der biblioteket ligg i dag ungdommane helst vil vera. Men ein må jo venta til det eventuelt er bestemt å flytta biblioteket, seier Lise Cirotzki, leiar for Kosen ungdomsklubb.

Det gamle huset Kosen ungdomsklubb har lokala sine i i dag har fleire etasjar og mange rom, er uoversiktleg, stettar ikkje alle krav til branntryggleik, og har etterslep på vedlikehald. 

Difor ønskja kommunestyret ei vurdering av vidare drift i huset, eventuelt flytting til eit meir eigna lokale. Det vart i denne samanheng oppnemd ei arbeidsgruppe beståande av kulturleiar Magne Grøttebø, driftsingeniør Robert Ø. Einemo, ungdomsklubbleiar Lise Cirotzki, og leiarane for tilhøvesvis styret for ungdomsklubben og ungdomsrådet.

Les også: Ungdomsrådet: – Me vil vera på Kosen

Les også: Brannsjef: – Noko må gjerast med Kosen ungdomsklubb

Artikkelen held fram under biletet

FØRSTE ALTERNATIV: Ungdommen sjølkv vil helst flytta ungdomsklubben hit, dersom dei ikkje får vera på dagens Kosen lengre. Men om Lærdal bibliotek blir flytta til kulturhuset er uvisst, og rektor ved Lærdalsøyri skule har signalisert at dei har behov for plass, står det i sakspapira til drøftingssaka formannskapet skal ha opp torsdag.
FØRSTE ALTERNATIV: Ungdommen sjølkv vil helst flytta ungdomsklubben hit, dersom dei ikkje får vera på dagens Kosen lengre. Men om Lærdal bibliotek blir flytta til kulturhuset er uvisst, og rektor ved Lærdalsøyri skule har signalisert at dei har behov for plass, står det i sakspapira til drøftingssaka formannskapet skal ha opp torsdag.

Tre alternativ

I januar kom det ein tilstandsrapport frå Kjell Tokvam AS på  bygget som husar Kosen i dag, og den konkluderte med at bygget anten må rehabiliterast, eller at ungdomsklubben må finna andre lokale. 

Til formannskapsmøtet i Lærdal torsdag står det ei drøftingssak på saklista, og av sakspapira går det fram at gruppa har kome fram til tre moglege alternative lokale:

  • Lokala som husar Lærdal folkebibliotek i dag
  • Storstova på Lærdalsøyri skule
  • Ungdomshuset på Lærdalsøyri

Biblioteket kan koma til å bli samlokalisert med Lærdal kulturhus, men dette er ikkje bestemt.

I saksutgreiinga til formannskapet står også følgjande om alternativet: "Underteikna (kulturleiar Magne Grøttebø, journ. anm.) har hatt drøftingar med rektor på skulen om dette. Det kom då fram at skulen har stort behov for utvida areal til sin bruk. Dette fordi ikkje byggetrinn 4 er iverksatt".

Spent

Når det gjeld sambruk med storstova ved Lærdalsøyri skule må rommet delast i to om dette skal kunne nyttast som ungdomsklubb.

" Dette er det alternativet som kan realiserast raskast, og er derfor den løysinga som vil vera mest aktuell", står det i saksutgreiinga.

Vidare at: "Tredje alternativ kan vera ungdomshuset på Lærdalsøyri. Her har me fått tilsendt teikningar som syner at ei ombygging til ungdomsklubb kan vera mogeleg. Dette vil uansett ta tid og det er heller ikkje ungdomane sitt fyrste ønske. Her må me og gå inn med ein langsiktig leigeavtale med ungdomslaget, noko dei er positive til."

Cirotzki er spent på kva politikarane vil seia i drøftingane torsdag: 

- Det har i alle fall ikkje vore snakk om å leggja ned ungdomsklubben, så det er jo bra. Me føler jo tilhøyrigheit der me er i dag, men det er sikkert mogleg å få til noko bra om ein flytter ein annan plass også.

Til toppen