PRAKTISK: Vel heime etter ein skitur er det berre å plugga bilen i straumuttaket, så er han fullada og klar til ny dyst neste morgon.
PRAKTISK: Vel heime etter ein skitur er det berre å plugga bilen i straumuttaket, så er han fullada og klar til ny dyst neste morgon. (Privat)

Har køyrt 92 000 kilometer med elbil i Sogn

Jørgen Ulrik Berg frå Solvorn har kjørt til saman 92 000 kilometer med ein elbil sidan mars 2014. Det meiner han er fylkesrekord.

Sogndal: I 2014 kjøpte Jørgen Ulrik Berg ein elbil. Etter tre år har han køyrt 92000 kilometer, noko som tilsvarer med 2421 turar mellom Solvorn og Leikanger. Dette meiner han viser at det går an å køyra elbil her i Sogn.

– Eg tok ein sjans då eg kjøpte bilen i 2014, men det viste seg at det var eit godt val til bil nummer to, seier Berg som er godt fornøgd med å ha hoppa over til elbil.

Folk er skeptiske

Mange er usikre på om dei skal ha elbil og spesielt i distriktet er folk redde for å ha for mange utfordringar. Berg skjønner at folk er skeptiske, men han meiner at det funker betre enn folk trur.

– Folk må slutte å vera så problemorienterte. Folk tenker for lite på lademoglegheitene som finst. Eg sjølv har gjort mykje som eg ikkje hadde trudd eg kunne gjera med ein elbil.

Ein bil til kvardagen

I følgje Berg er elbilen perfekt til pendling til jobb og til andre behov i kvardagen.

– Du ladar bilen kvar einaste natt, slik at du startar dagen med ein fullada bil. Når bilen er fullada skal den ha ei rekkjevidd på 160 kilometer, noko som er nok til kvardagen, seier Berg.

Bilen blei først kjøpt for å unngå bompengar, men sjølv om det tilbudet forsvant etterkvart har det lønna seg å ha elbil for Berg.

– Då eg brukte ein elbilkalkulator kom det fram at eg har spart 140 000 på å ha elbil over desse tre åra, seier han.

Ny elbil i 2019

For Berg er det ei god nok grunn til å bytta hybriden mot ein elbil når det kjem ut elbilar med lengre rekkevidde i 2019.

– Ja, eg kjem til å gå heilt over på elbil. Dette er positivt både økonomisk og for miljøet. 

Til toppen