IMG_1827
IMG_1827 (Bilde: Pal Hermansen)

Har laga bok om forlatte gardar i Noreg – på omslaget prydar garden i Nundalen

Historikar og forfattar Øystein Morten har ei rekke kritikarroste bøker bak seg. Måndag slepp han boka «Norske ødegårder», og på omslaget prydar garden i Nundalen i Årdal.

Årdal: Heilt sidan 800-talet har det budd folk i Nundalen. På eit tidspunkt budde det over 100 personar der. Dalen overlevde til og med svartedauden, men på 50-talet blei gardane og husmannsplassane lagt ned. Industrien var komen til bygda.

Øystein Morten har laga bok om forlatte og seinare forfalne gardar som i Nundalen. Måndag blir resultatet presentert i den nye boka hans «Norske ødegårder».

– Omgrepet «ødegård» vart mykje brukt etter svartedauden, men er eigentleg like aktuelt i vår tid. I dag er det 30 000 gardar rundt om i Noreg som er fråflytta eller ikkje er i bruk. Eg tenkte då at eg ville finna nokre gardar som naturen er i ferd med å ta tilbake, der folk plutseleg flytta frå, og skriva om historia til desse, seier forfattaren til Porten.no.

OMSLAG: Dette spesielle biletet er tatt i nettopp Nundalen og får æra av å prega omslaget på boka.
OMSLAG: Dette spesielle biletet er tatt i nettopp Nundalen og får æra av å prega omslaget på boka. Foto: Pal Hermansen

Skattkammer i Nundalen

Det fann han mellom anna i Nundalen. I mars besøkte han og ein fotograf sidedalen som ligg like utanfor Øvre Årdal. Her snakka han med mellom anna Laila Bolstad, som var siste som budde der, Vidar Moen som er med i stiftinga som ivaretek noko av bygningsmassen, og sjølvsagt Sogelaget. På besøket fann Morten eit skattkammer.

– Det har ein veldig lang samanhengane gardshistorie heilt tilbake til vikingtida. Det er litt usikkert, men truleg budde det folk her så langt tilbake som på 800-talet. Det er enormt med kultur som ein kan setja i kontrast med at det er tomt og stille der no. Ein får kjensla av at det har stått slik sidan 50-60-talet.

– Det eg fann ut var at Nundalen ikkje låg meir aude til enn Øvre Årdal i seg sjølv på 1800-talet. Oppfatninga av kva som er sentralt og ikkje kom først med industrien. 

Pompeii-kjensla

I intervjuet med Bolstad lærte Morten at på 50-talet budde det tre familiar i Nundalen. Dei hadde planar om å satsa, men plutseleg ein sommar måtte dei slakta alle kyrne på grunn av fluorutsleppet. 

– Det gjekk igjen hjå alle omliggande gardar. Då var plutseleg den kjempelange og fascinerande historia slutt. 

Bileta frå Nundalen prydar omslaget på den nye boka hans. Forfattaren samanliknar det å koma til Nundalen som å gå i Pompeii, der ein kan gå inn i autentiske ruinar. 

Pirrar nysgjerrigheita

Det er nysgjerrigheita for kva gardane ein gong har husa og historiene som finst her som pirrar Morten når han ser ein forlatt gard.

– Kjem eg over ein forlatt gard, plar eg alltid stoppa og prøva å gå inn eller sjå inn vindauga. Eg blir fascinert av at det kanskje står igjen ein kaffikopp på bordet. Eg har alltid lurt på kva som har skjedd her, kva som er forteljinga bak, forklarar han.

– I tillegg kjem det at me menneske har eit heilagt forhold til hus. Det er naturleg at dei forsvinn, men folk tykkjer det er heilt forferdeleg at dei forfell. Det har faktisk vore vanskeleg for folk å stå fram fordi dei skammar seg over at huset forfell. 

(Bilde: Pal Hermansen)
(Bilde: Pal Hermansen)
OMSLAG: Dette spesielle biletet er tatt i nettopp Nundalen og får æra av å prega omslaget på boka. (Bilde: Pal Hermansen)
(Bilde: Pal Hermansen)
(Bilde: Pal Hermansen)
(Bilde: Pal Hermansen)
(Bilde: Pal Hermansen)
Til toppen