RIMELEG SIKRE: Før femte siste kamp mot Brann i årets sesong hadde Sogndal relativt god margin til kvallik- og nedrykksplass. Med uavgjort i denne kampen og stort sett gunstige resultat for Sogndal elles i denne runden har nedrykk berre vore ein teoretisk moglegheit dei påfølgjande kampane. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik  
RIMELEG SIKRE: Før femte siste kamp mot Brann i årets sesong hadde Sogndal relativt god margin til kvallik- og nedrykksplass. Med uavgjort i denne kampen og stort sett gunstige resultat for Sogndal elles i denne runden har nedrykk berre vore ein teoretisk moglegheit dei påfølgjande kampane. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik   (Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik)

Har lagt bort nedrykksbudsjettet

2003 er sist sesong administrasjonen i Sogndal fotball allereie før serieinnspurten var tilnærma sikre på at dei hadde eit "tippligabudsjett" å spela på sesongen etter. 

Sogndal: – I 2007 var me temmeleg «stuck» i Adeccoligaen før serieinnspurten. Samtlege påfølgjande sesongar har det vore opprykk, nedrykk eller nesten ein av delene, seier dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal.

Slik sett har det kanskje vore meir spennande for sogndaltilhengjarar i serieinnspurten dei føregåande åra; kor vidt det blir opprykk eller nedrykk er noko som stort sett har blitt avgjort dei heilt siste kampane.

To til fire millionar kroner i skilnad

For dei som syslar med budsjett i Sogndal fotball har også denne usikkerheita ført til at ein ikkje har visst kor vidt ein må leggja eit «tippeligabudsjett» eller «OBOS/Adecco-ligabudsjett» til grunn.

TRYGGARE: Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, har ikkje sidan 2007 vore så tidleg med å leggja bort «det andre» budsjettet.
TRYGGARE: Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, har ikkje sidan 2007 vore så tidleg med å leggja bort «det andre» budsjettet.

– Det varierer litt kor store skilnadane er, men det ligg på mellom to og fire millionar kroner. Hovudskilnadane ligg på sentrale mediemidlar og budsjetterte inntekter knytte til kampdag. Så ein må gjera store endringar på kort tid om ein rykkjer ned budsjettmessig. Det krevjer rask handling, seier Mundal.

For å sjå på statistikken; I 2003-sesongen hadde Sogndal ti poeng ned til Bryne på kvallikplass fem rundar før slutt og mange lag låg mellom dei to. Altså var ein i praksis sikra tippeligaspel sesongen etter.

I årets sesong blir gjerne bortesigeren mot Lillestrøm i 24.runde rekna som kampen der ein langt på veg sikra tippeligakontrakten for 2017. Etter denne sigeren var det sju poeng ned til Stabæk på kvallik og enno meir sikkert vart det runden etter med uavgjort mot Brann og stort sett tap for laga under.

Sjå også: Sjå bileta frå folkefesten på Fosshaugane

Tippeligasesongane som har vore i mellomtida har enda med anten nedrykk eller nesten-nedrykk. I 2004 og 2014 blei det nedrykk. I 2012 og 2013 var det reell sjanse for nedrykk i siste runde.

I 2011 var det fem poeng ned til Start på direkte nedrykksplass fire rundar før slutt, så også då var marginen relativt god. Men det var færre lag imellom og dessutan ein litt spesiell sesong ettersom tredje siste plassen ikkje førte til kvalifiseringsspel akkurat dette året - og Sogndal hamna på den.

– Blir betre til å ta tøffe val og og skapa god utvikling

I perioden 2005 til 2010 var Sogndal i Adeccoligaen og kjempa samtlege år om opprykk heile vegen - altså med unntak av 2007 og også 2005. I 2010 vart opprykket sikra i tredje siste runde.

– I fjor var det også relativt tidleg i innspurten klart at me kom til å spela i Tippeligaen sesongen etter, altså årets sesong, seier Mundal.

Meir føreseielege tilhøve for budsjettet med mindre spanande serieinnspurt fører altså også til mindre avgjerande kampar på tampen av sesongen.

– Me lever av denne nerva og spenninga, i kampen mot Godset no i helga vart me utfordra nettopp på at stemninga ikkje var prekær. På den andre sida er det ein god tryggleik å ha i botnen, så det bli eit paradoks. Når me har vore i dette spenningsfeltet så lenge gjer det nok også at me blir betre til å ta tøffe val og skapa god utvikling.

Les også: Surt tap for Sogndal

Ikkje redd for at Sogndal skal bli «daffe»

– Så viss Sogndal blir i same kategorien som til dømes Viking, Lillestrøm og Vålerenga stor sett har vore dei siste sesongane - middelhavsfararar - risikerer de å bli meir daffe?   

– Det er ein risiko for at ein blir det, ja. Men utviklingskraften og -trongen er så stor i Sogndal fotball at det er langt til den utfordringa hjå oss. Dessutan handlar det ikkje om å vera middelhavsfarar, det er spenning rundt kor høgt på tabellen me klarar å koma. Og om ein endar midt i fatet er det uansett berre snakk om nokre få kampar heilt på slutten av sesongen som blir mindre interessante.

– No har de altså mellom to og fire millionar kroner meir å spela på komande sesong enn om de hadde rykt ned; kva skal de bruka desse pengane på?

– Me har ikkje to til fire millionar kroner meir; me måtte ha teke det ned to til fire millionar kroner om me rykte ned. Så no kan me halda fram satsinga på dette nivået.

For ordens skuld; i teorien kan Sogndal framleis hamna på kvallikplassen. Då må både Lillestrøm, Bodø/Glimt og Tromsø vinna sine to siste kampar, sistnemnde også med kalassiffer, medan Sogndal må tapa stort i sine to attståande kampar. 

Til toppen