FOR SAL: Øyraplassen 4 som er eigd av og husar Indre Sogn Sparebank si avdelig i Lærdal er lagt ut for sal til 10,5 millionar kroner. Bilete: Skjermdump frå aktiv.no
FOR SAL: Øyraplassen 4 som er eigd av og husar Indre Sogn Sparebank si avdelig i Lærdal er lagt ut for sal til 10,5 millionar kroner. Bilete: Skjermdump frå aktiv.no

Har lagt ut bankbygget for sal

Bygningen som husar Indre Sogn Sparebank si avdeling i Lærdal har vore eigd av banken sjølv sidan det vart bygd. No vil dei selja bygningen.

Lærdal: – Fordi å vera byggeigar ikkje er vår kjerneverksemd. Og me brukar berre ein liten del av bygningen i dag. Mange andre av bygningane me eig blir vurdert på same måte, mellom anna avdelinga i Øvre Årdal gjer me ei slik vurdering på. Men Lærdal er den første som går ut, meir dramatisk enn det er det ikkje, seier administrerande banksjef i Indre Sogn Sparebank, Egon Moen.

– De skal ikkje leggja ned avdelinga i Lærdal, altså?

– Det ligg ikkje i planane, nei. Me kjem til å inngå leigeavtale med ein eventuelt ny byggeiar.

Leigeavtale i fem år pluss rett til fornying

Bankbygget på Øyraplassen 4 i Lærdal vart bygd i 1980 og Indre Sogn Sparebank har eigd det sidan. No er den nesten 1000 kvadratmeter store bygningen lagt ut for sal på aktiv.no for 10,5 millionar kroner.

– Grunnen til at fleire bankar no sel bygningane er nok fordi dei fleste vil konsentrera seg om kjerneverksemda si. Andre aktørar enn oss kan utvikla bygninga betre, seier Moen.

I annonsen blir det streka under at Indre Sogn Sparebank skal ha ein leigeavtale med eventuelt ny byggeigar for sjølve banklokale i 1. etasje i fem år, pluss at banken skal ha rett til ytterlegare fornying av avtalen i fem år til.  Gymloftet har leigeavtale ut 2017, står det vidare.

– Marknaden bestemmer

I 2. etasje er det kontorlokaler sopm tidlegare husa Opplysningen, desse står no tomme

– Dette er fantastisk flotte lokaler, og me håpar nokon kan sjå moglegheitene der. Bygget ligg sentralt og er godt vedlikehalde, seier Moen.

– Har de noko formeining om kor lett det vil vera å få seld ein slik bygning? 

– Det er det marknaden som bestemmer. Kjem det ikkje akseptable bod, så kjem me ikkje til å selja. 

Til toppen