RESULTATLAUST: Heller ikkje laurdag fann politiet og resten av leitemannskapa spor etter den sakna 37-åringen. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
RESULTATLAUST: Heller ikkje laurdag fann politiet og resten av leitemannskapa spor etter den sakna 37-åringen. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Har leitt på eit område på 11 000 dekar

Men heller ikkje laurdag var spor etter den sakna 37-åringen i Kaupanger.

Haukåsen: Fire veker etter at 37-åringen forsvann på Haukåsen i Kaupanger er det framleis ikkje spor å finne. Laurdag var det nok ein storaksjon med 49 personar involvert i leitinga.

Med dei ressursane politiet har hatt til råvelde nærmar det seg 11 000 dekar dei har leitt på. 

– Leiteaksjonen var diverre resultatlaus. Blant dei 49 som deltok var det mannskap på ein båt som tok føre seg heile strendene frå innseglinga til Amla og ut under flyplassen. På turen tilbake hadde dei augo retta oppover i terrenget her, fortel Stein Helge Selland i politiet. 

Utvida søket

Laurdag utvida dei leitinga endå meir med grundigare søk i visse teigar søraust for flyplassen. 

– I tillegg gjekk me endå lengre opp i terrenget der 37-åringen sist vart sett nordvest for flyplassen. 

Parallellt med leitinga pågår det også ei etterforsking for å finne ut kva som kan ha skjedd. 

Lite tips i saka

– Teoriar kan det vere mange av, men me må forholde oss til fakta. Folk som har informasjon, må ta kontakt. Dette er som å leggja eit puslespel. Hittil har me fått svært lite tips og informasjon utanfrå, noko som gjer det heile vanskelegare, seier Selland.

– Kor lenge vil de forsøke å leite?

– Det kjem an på kva me sit på av informasjon og opplysningar. No er det slik at ein har leita i så store område med ulike ressursar utan resultat. Me har gått utanfor radiusane me vanlegvis kalkulerer, og heldigvis har me leita på ein slik måte at me har tenkt at det er ein person med vanlege fysiske eigenskapar som er forsvunnen. Med dei ressursane me har hatt tilgjengeleg, nærmar det seg 11 000 dekar me har leitt på. 

Til toppen