NY AVDELING: I august kunne desse ungane juble over å ha fått ei ny avdeling ved barnehagen på Norane, ein viktig grunn til at kommunen greidde å løyse kapasitetsfloka i barnehagane i kommunen.
NY AVDELING: I august kunne desse ungane juble over å ha fått ei ny avdeling ved barnehagen på Norane, ein viktig grunn til at kommunen greidde å løyse kapasitetsfloka i barnehagane i kommunen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Har løyst floka i år, men treng halvanna avdeling ekstra til neste år

Det såg kanskje mørkt ut i mars, men alle ungane som har rett på det har fått barnehageplass i Sogndal. Til neste år får kommunen ei ny kapasitetsnøtt i fanget.

Sogndal: Den nye sentrumsbarnehagen i Sogndal vil ikkje vere klar før 2019. I mellomtida har kommunen likevel greidd å gje plass til alle barna som har rett til det.

– Det vil dei òg få gjennom dette barnehageåret, seier rådmann Jostein Aanestad, som i mars måtte sette i verk ei rekkje mellombelse løysingar då floka var på det verste.

Heile 29 ungar med rett på plass stod då på venteliste.

I juni lempa politikarane på krava slik at fleire ungar kunne puttast inn i kvar avdeling, i august vart det opna ei ny avdeling på Norane og barnehagen på Kjørnes har blitt utvida.

OPTIMIST: Jostein Aanestad seier dei vil greie å gje plass til alle ungar som har rett på det til den nye barnehagen står klar i 2019.
OPTIMIST: Jostein Aanestad seier dei vil greie å gje plass til alle ungar som har rett på det til den nye barnehagen står klar i 2019. Foto: Halvor Farsund Storvik

Men kapasitetsutfordringane stoppar ikkje der.

– Sommaren 2018 viser prognosane at vi vil trenge halvanna avdeling utover noverande kapasitet. Det vi planlegg for no, seier Aanestad.

Han fortel at ei mogleg løysing er å byggje ut i nærleiken av Kjørnes barnehage. I så fall vil det byggje fungere som barnehage i eitt år, før det kan brukast som kommunal bustad når den nye barnehagen står klar i 2019.

Rådmannen kjenner seg trygg på at dei vil greie å komme i mål, òg til neste år.

– Trykket er stort heile tida, men alle som har rett på plass vil få det, seier han.

Til toppen