MEIR SPELING: Magne Grøttebø og Ketil Thorbjørnsen ønskje å opna dørene til lydstudioet i Lærdal opp for alle kulturskulane i fylket til å spele inn musikken sin. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
MEIR SPELING: Magne Grøttebø og Ketil Thorbjørnsen ønskje å opna dørene til lydstudioet i Lærdal opp for alle kulturskulane i fylket til å spele inn musikken sin. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Har løyst lydproblematikken i studioet

Dei siste åra er det vore problematisk å samkøyra lydinnspelingar i Lærdal Musikkproduksjon sitt lydstudio, samstundes som Villaksfilmen vert spelt for turistar i kinosalen. 

Lærdal: – I år håpar me på å få nytta oss av dei fire sommarmånadane som me ellers ikkje har fått brukt til innspeling, seier Magne Grøttebø, kultursjef i Lærdal. 

Bak scena i kinosalen på kulturhuset i Lærdal, ligg ein vel bevart løyndom.

Her ligg nemleg Lærdal Musikkproduksjon sitt topp moderne lydstudio der fleire nasjonale artistar har spelt inn musikken sin. 

Støy frå kinosalen

I fjor vart det synt fram 47 spelefilmar i kinosalen i Lærdal. Om sommaren vert den 20-år-gamle dokumentaren om villaksen i Lærdal spelt fleire gonger dagleg for besøkjande på Villakssenteret. 

– Ein lydlekkasje mellom scena og studioet gjer at det er litt vanskeleg å driva sambruk. Når bassen i kinosalen går for fulle muggar, skjelver heile bygget. Den lyden kan ein ikkje ha når ein gjer opptak i eit profesjonelt lydstudio, seier Grøttebø. 

I år kan problemet vere løyst. Det er nemleg snakk om å flytta villaksfilmen inn i det eine møterommet på Sogn Kunstsenter, som også er ein del av bygget, allereie i år. 

– Laksefilmen forsvinn ikkje, men den berre flyttar litt på seg. Då vil opptakssesongen for oss vare i fire månadar lengre og me kan ha fleire inn i studioet, seier Grøttebø. 

Store namn spelar inn musikk

 I fjor produserte Lærdal Musikkproduksjon AS sitt lydstudio 11 CD-ar. Dei har endå ikkje oversikt over kor mange det kjem til å bli i 2016. 

Musikar og musikklæraren Ketil Thorbjørnsen skal blant anna gjere ferdig ein CD. I tillegg skal Lærdalsbandet Longhorn også spela inn nokre songar. 

– Dei musikarane som vil ha gode opplevingar i eit lydstudio, veit om oss. Me er ganske anerkjent. I tillegg til å ha fordelen med å spela inn musikk på scena, har vi også mobilt utstyr, slik at ein til dømes kan gjere opptak i ei kyrkje for å få den rette akustikken, seier Grøttebø.

I år skal rogalendingen Britt Synnøve Johansen spela inn plate i Lærdal lydstudio. Som 19-åring representerte ho blant anna Noreg i den internasjonale songkonkurransen Melodi Grand Prix og dei siste åra har ho spelt mykje teater. 

Vil satsa på lokale band

– Lærdal lydstudio er eit av dei beste i Noreg og har noko av det beste utstyret ein får kjøpt, seier Ketil Thorbjørnsen.

Saman med Grøttebø, prøver dei to musikarane å få opp igjen bandmiljøet som blomstra i Lærdal for nokre år sidan. 

Les også: Då Verdsmannen tok ordet

– Miljøet har gått litt ned dei siste åra. Men no skal me prøva å få til ein ekstra dag med berre bandøvingar. Det er viktig å byrja når borna er små og få dei inn i studio på eit tidleg stadiet, seier Thorbjørnsen. 

Kulturskulen i Lærdal ønskjer å få med seg fleire kulturskular frå heile fylket til å gjere opptak i lydstudioet. 

– Det er vidunderlege moglegheiter i dette lydstudioet. Her får ein både leika og kosa seg, seier Thorbjørnsen. 

Til toppen