NØGD: Dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll, kan sjå tilbake på stor vekst i selskapet dei siste fem åra. Pressefoto
NØGD: Dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll, kan sjå tilbake på stor vekst i selskapet dei siste fem åra. Pressefoto

Har mangedobla talet på tilsette etter fibersatsing

Sognenett fyller ti år i år – men det er dei siste fem åra selskapet verkeleg har sparka frå seg.

Sogndal:  – I starten av 2012 var me fire tilsette. Då bestemte me oss for å gjera ei storstilt satsing saman med energiverka – ei satsing på fiber. til då hadde me satsa på radio og DSL, men det låg ein fiberstruktur der – eit stamnett. Den var berre ikkje utnytta til fulle med dei moglegheitane som låg der for for spesielt private husholdningar, seier dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll.

Selskapet starta altså opp i 2007 og var fem år i 2012. Og det er sidan då veksten har kome.

– Har uant kapasitet

– Me er 18 tilsette i no og hadde i 2016 ein omsetnad på vel 31 millionar kroner. Me investerer 30 - 50 millionar kroner i året som me legg att lokalt – i infrastruktur og elektronikk, og sjølve i  det fysiske arbeidet med nettet, til dømes. Aktiviteten med bygging skapar og lokal verdiskaping i form av innleige av lokal arbeidskraft, pluss det som blir brukt på og av arbeidarar i anleggsperiodane. Sognenett leiger også i dag inn fleire årsverk hjå lokale it-selskap i distriktet.

– Teknologien går kjapt – kor lenge ser de føre dykk att fiber vil overleva som teknologi for nettdistribusjon?

– Det var grunnen til at me satsa på denne typen teknologi – fiberen har uant kapasitet. Den kjem til å bli brukt like lenge som koparnettet – det vil seia 50 år – det er eg heilt sikker på. Så me har ein lang horisont på investeringane. Ein kan få kva kapasitet ein vil ut av fiber – i motsetnad til radio og DSL.

«Dugnadsfiber»

Sognenett kan per no levera fiber til over halvparten av alle husstandane i sitt dekningsområde, det vil seia heile Sogn. Og Hatlevoll ser på vidare vekst for selskapet:

– Det er eit godt grunnprodukt så må me alltid vera føre teknologisk – det er det spennande i denne bransjen. Både i tal på tilsette og omsetnadsmessig ser me føre oss å veksa. Me vil skapa enno fleire lokale kompetansearbeidsplassar – det er få slike arbeidsplassar i vårt distrikt. 

– Teknologi er ein viktig grunnstein i vidare samfunnsutvikling, og då er det viktig for oss å ha denne kompetansen lokalt for vidare sikring av disktrikta sin levedyktighet.

– Utbygging av tele- og internett i grisgrendte strok har jo gjerne vorte nedprioritert i grisgrendte strok grunna for dårleg kundegrunnlag. Korleis skal de kunne veksa i ein slik marknad? 

– Det er ein utfordrande marknad, og konkurransen er også stor. Og ja, det er utfordrande å byggja til dei som bur mest grisgrendt. Stort sett finst løysingar, til dømes såkalla «dugnadsfiber» – der kommunen kjem med noko i stønad, innbyggjarane bidreg for å få det til og ein kan få nkom-midlar, noko fylkeskommunen har vore veldig flinke å få tak i flinke å få tak i.

– Me vil levera til alle, men somme stader blir det mykje tankar og vurderingar for å få det til – me må ta visse bedriftsmessige omsyn.

Til toppen