HALSBAND: Denne reinsbukken i sone 1 har nettopp vakna etter å ha vore bedøvd; på halsbandet bukken har fått sit GPS-sendaren som gjer at den kan følgjast på kartet. Foto: Lars Nesse
HALSBAND: Denne reinsbukken i sone 1 har nettopp vakna etter å ha vore bedøvd; på halsbandet bukken har fått sit GPS-sendaren som gjer at den kan følgjast på kartet. Foto: Lars Nesse

Har merka sju villreinar i Nordfjella

Mannskapet som denne veka var i sving for å merka villrein i Nordfjella observerte ikkje dyr som verka sjuke i det CWD-råka villreinområdet.

Lærdal/Aurland: – Reinen spring lett og skal nok vera langt komen i sjukdomsforløpet for at me skal klara å oppdaga sjuke individ visuelt. Men av det me såg, er det ikkje noko mistenkeleg å melda om. Det vart i samband med skrantesjuka teke ein del fleire prøvar enn tidlegare, seier leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse.

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

Merkinga vert gjennomført onsdag denne veka, NINA (Norsk institutt for naturforsking) i samarbeid med veterinær var ansvarlege for sjølve merkinga. Dette er eit ledd i kampen mot skrantesjuka; ved å setja GPS-sendar på femten reinsdyr skal ein skaffa seg betre oversyn over kvar flokkane går.

Les også: Finn du slike må du melda frå 

– Utfordrande beitetilhøve

Dårlege tilhøve med hard snø har gjort det heile utfordrande å få gjennomført, men onsdag kom mannskapet i lufta med helikopter og fekk gjennomført første del av oppdraget.

– Me merka sju rein; tre bukkar og ei simle i sone 1 nord før rv. 50 og tre simler i sone 2 på sørsida. Statens Naturoppsyn var ute med bakkemannskap og følgde med i områda der flokkane var ei tid etter merkinga.

Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke

Nesse fortel vidare at reinen gjekk svært spreidd.

– Det var mange småflokkar rundt om, truleg grunna utfordrande beitetilhøve med mykje nedising. Tilhøva ser ut til å vera betre di lenger aust ein kjem. 

Les også: Difor bør du droppe toppturen i Hurrungane i vinter

Til toppen