I MÅL: Direktør ved Helse Førde, Jon Bolstad, og leiar for MR-prosjektet i LNU, Rolf Jerving, er glade for å vere i mål med innsamlinga til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Foto: Helse Førde. 
I MÅL: Direktør ved Helse Førde, Jon Bolstad, og leiar for MR-prosjektet i LNU, Rolf Jerving, er glade for å vere i mål med innsamlinga til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Foto: Helse Førde. 

Har nådd målet om MR-maskin 

Lærdal Næringsutvikling AS og Helse Førde melder tysdag at dei har nådd målet om å samle inn 10 millionar kroner til kjøp av MR-maskin til Lærdal sjukehus.

Lærdal: Etter ei fantastisk mobilisering i heile Sogn, der alt frå kommunar, lag og organisasjonar, bankar, verksemder og privatpersonar har bidrege, kan ein no realisere målet.

– Ei MR maskin ved Lærdal sjukehus vil gje monaleg betre helsetenester og kortare reisetider for alle busette i regionen. Den responsen me har fått rundt innsamlinga er heilt overveldande. Prosjektet syner at alt er mogeleg, også her i Sogn, når me bestemmer oss for å dra i same retning. I tillegg har prosjektet hatt eit godt samarbeid med direktør Jon Bolstad i Helse Førde frå fyrste dag, seier Lærdal Næringsutvikling (LNU) sin prosjektleiar for MR, Rolf Jerving.

Det er omstillingsstyret i Lærdal som starta MR-prosjektet,. med LNU som ansvarleg for den praktiske gjennomføringa 

Tryggar framtida til sjukehuset

Ei MR-maskin vert nytta til å framstilla bilete av det indre i kroppen. I dag har både Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus MR-maskiner. Maskina vert no gitt til Helse Førde, som tek ansvaret for naudsynte bygningsmessig oppgraderingar, teknisk vedlikehald og drift av tilbodet ved Lærdal sjukehus.

– Dette er med på å understreka at me treng eit sjukehus i Sogn, og det er med på å styrka moglegheita for å ha det også i framtida, held Jerving fram. 

Målet er at maskina skal vere i drift innan utgangen av 2017.

– Er det trygge på at maskina kjem til å bli verande her på Lærdal sjukehus og ikkje nytta andre stader?

– Eg opplever ikkje at dette er noko tema i det heile. Avtalen regulerer kva som måtte skje i framtida om det ikkje er grunnlag for å drive MR-tenester i Lærdal. 

Lange køar

Det er i dag underkapasitet i Helse Førde med ventetid på 18 veker ved Førde sentralsjukehus og 13 veker i Eid. Difor blir mange pasientar sendt til ein privatklinikk i Bergen, noko som medfører lang reisetid for mange. 

– Ei MR-maskin vil gi eit endå betre tilbod ved Lærdal sjukehus. Heile Indre Sogn vil dra nytte av dette. Me betrar no kapasiteten på MR-undersøkingar i Helse Førde, og det kan gjere at pasientar i heile fylket får kortare ventetid. 

Innsamlingsaksjonen har vist kor stor oppslutnaden er om lokalsjukehuset. Engasjementet frå kommunar, lokalt næringsliv og privatpersonar har vore imponerande, legg direktør i Helse Førde Jon Bolstad til. 

Til toppen