KAPASITETSUTFORDRING: Kundane kjøper ølet til Tya-gründerane – her Arnt Erik Henjum – men 2016 har vorte noko prega av problem med å produsera nok. Med ein ny 2000-liters tank like rundt hjørnet og ei vonleg positiv avklaring så Tya får den amerikanske bryggjaren dei har tilsett på plass, ligg det til rett for at minst 100 000 liter øl blir produsert her i løpet av 2017. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
KAPASITETSUTFORDRING: Kundane kjøper ølet til Tya-gründerane – her Arnt Erik Henjum – men 2016 har vorte noko prega av problem med å produsera nok. Med ein ny 2000-liters tank like rundt hjørnet og ei vonleg positiv avklaring så Tya får den amerikanske bryggjaren dei har tilsett på plass, ligg det til rett for at minst 100 000 liter øl blir produsert her i løpet av 2017. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Har nesten aldri øl på lager

Tya-ølet er svært populært – men hovudsakleg grunna trøbbel med arbeidsløyve for den amerikanske bryggjaren dei tilsette, klarar dei ikkje å produsera noko til å gå i pluss. 

Årdal: – Det er ikkje marknaden og kundane det står på, seier Arnt Erik Henjum.

Han er ein av gründarane bak Tya-ølet og har vore med på å skapa noko som verkeleg slår an. Men det siste året har ikkje gått heilt knirkefritt.

– Me har ei utfordring på kapasitet: i 2016 skulle me bryggja 75 000 liter øl etter budsjettet, men me enda på rundt 65 000 liter. Hovudårsaka er at me tilsette ein amerikansk bryggjar, men han vart nekta av myndigheitene å koma hit.

2000-liters tank snart på plass

Dermed har Henjum og Tom Hellebø, den andre som står bak ølverksemda, måtte ta brygginga sjølve.

– Tom jobbar i Nordsjøen og er her fire veker om gongen; då har det gått greitt. Men dei to vekene han er vekke har det vorte åtte timar med brygging her på meg etter åtte timar på jobb. Så me er på null på lager nesten heile tida.

No er ein bryggjar tilsett på ei kontrakt på seks månader.

– For å løysa floka mellombels. Så jobbar me vidare med å få den amerikanske bryggjaren hit, noko me håpar skal gå i orden. I tillegg har me investert i ein gjærtank som tek to tusen liter. Med desse grepa håpar me å nå målsetnaden om hundre tusen selde liter øl dette året.

Dei tre første åra hadde dei budsjettert med underskot, men underskotet i år blir noko større enn medrekna.

– Det tek tid å byggja seg opp, noko me hadde rekna med, konstaterer Henjum.

– Men verksemda står ikkje i fare? 

– Det er inga krise eller dramatikk; styret ønskjer at me skal satsa vidare, marknaden er bra og me har ein god plan på det heile vidare.

Artikkelen held fram under biletet

DUGGFRISK: Her har ein «Industri» nyleg vorte tappa.
DUGGFRISK: Her har ein «Industri» nyleg vorte tappa.

Avventar med polsatsing

Tya har dessutan signert kontrakt med Spesialgrossisten Troye, som forsyner alle butikkane i Sogn og Fjordane og Hordaland med øl.

– Og Hordaland er jo ein enno større marknad enn Sogn og Fjordane.

På førsommaren skreiv Porten.no at dei jobba med å få seld øl på polet. 

Les også: Vil inn på polet

Desse planane har vorte sett til sides inntil vidare.

– Først og fremst vil me få kontroll på leveransane til butikkane og serveringsstadene. Men me må jo inn på polet ei eller anna gong også, seier Henjum.

Når det gjeld sortiment har dei funne sin form med dei fem faste ølsortane som er å få på butikken: Industri, Huldra, Fall, Tind og Fjord; pluss fire sesongøl; ein for kvart kvartal.

Les også: Bryggerisjef imponert over Tya-design

– Desse blir bytt ut kvart år, så kundane har alltid noko nytt i vente.

– Er det andre nye sortar på gang?

– Ja, men det gjeld først og fremst sterkøl til serveringsstadene. Uansett skjer der ein del spennande dette året, seier Henjum.

 

Til toppen