Luster: – I desember sa eg «kanskje me skal laga glamping» og etter det har det gått fort, seier Marianne Hauglum på Døsen Gard i Luster.
Sjå galleri nederst i saka.
Fire telt med dobbeltseng
No står fire store glampingtelt med dobbeltseng, sitteplass, lyslykter, teppe og mjuke sengesett tilgjengeleg på kaien rett ved fjorden.

Gjestane får både straum og internett. I tillegg har dei bygd eit strandhus rett ved med toalett og dusj.
– Her kan dei òg eta mat under tak og laga seg eigne rettar på ein hybelkomfyr, seier Hauglum.
Meir enn vanleg camping
Ideen til glamping fekk ho sjølv.
– Me likar å reisa ein del sjølve, og så hadde eg sett på konseptet glamping og tykte det såg så romantisk og koseleg ut. Eg fann ut at ingen i nærområdet driv med det og tenkte at då kan eg endeleg få bruke kaien me har til noko òg, seier Hauglum.
Ho trur glamping kan passa for alle, men kanskje mest for par som reiser aleine på ferie utan born.
– Me kan legge inn madrasser til familiar som kjem, men glamping er kanskje noko litt meir romantisk, seier Hauglum.
Mykje hardt arbeid
Frå før leiger ho og mannen ut leiligheiter i eine delen av huset sitt, i tillegg til at dei har jobbar utanom.
Hauglum legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid å driva ein så stor stad heilt aleina.
– Det er ingen romantisk draum å eiga alt dette, men både eg og mannen min har den driven me treng for å driva dette. Me kviler litt og så er me klare på nytt, seier ho.
Folk rundt Hauglum både i Sogndal og Gaupne har vore positive til glampingen på kaien. Mange har spurt korleis det går og når det opnar.
– Ei eg kjenner har til og med booka seg eit rom endå ho ikkje bur langt unna, seier ho.