OPNINGSDAG: Ståle Loftesnes opna fredag utstillingsrommet som førebels inneheld standardmodellane av langbord han leverer – men det kjem meir. Begge foto: Ole Ramshus Sælthun
OPNINGSDAG: Ståle Loftesnes opna fredag utstillingsrommet som førebels inneheld standardmodellane av langbord han leverer – men det kjem meir. Begge foto: Ole Ramshus Sælthun

Har opna showrom med ekte handverk frå Sogn

Fredag opna Ståle Loftesnes utstillingsrom for å syna fram langborda laga av sognatømmer som har vorte så populære. 

Sogndal: – Eg har hatt vener og bekjende her på kake; opninga er ikkje marknadsført så veldig, seier Loftesnes.

Han står ved ei diger blautkake i det heilt nyopna utstillingsrommet – showroom, på godt norsk – for dei standard langborda og benkene Timbla leverer. Det er tre modellar av stavbord og tre modellar av rammebord.

– Det skal koma eit heilt konsept her som syner produkt for bar, logde, konferanse og heimeinnreiing. Så det er først når det er på plass at eg vil marknadsføra skikkeleg, seier han.

– Må få bygd opp volum

Møbelsnikkaren på Kaupanger lanserte Timbla på nyåret. Konseptet er altså langbord med historie og identitet, bygd etter tusenårlange handverktradisjonar. Kvart tre blir handplukka og følgt frå rot til det står på stovegolvet. Opphavet, teigen treet stod på, blir bokstaveleg tala gravert inn på undersida av bordplata.

Den første månaden etter lanseringa skreiv dei ut prisførespurnader på rundt 3,7 millionar kroner, som Porten.no tidlegare har omtalt.

Les også: Kvalitetstømmer frå Sogn har blitt brennheit merkevare

Ja, det vart nesten for mykje av det gode.

– Når ein står her åleine og skal gjera alt, er det ikkje enkelt. Eg måtte stoppa marknadsføringa, for eg klarde ikkje å ta unna førespurnadene. Så no må eg få bygd opp volum. 

Han skal få tilskot og mentorteneste frå Innovasjon Norge for å byggja opp merkevara Timbla, og han har fått med seg fleire til jobben.

– I dag er me fire her, to på arbeidstrening frå menortenesta til NAV, fortel Loftesnes.

Artikkelen held fram under biletet

SJÅ OG TA: Utstillingsrommet skal gje kundane høve til å sjå og ta på produkta frå Timbla.
SJÅ OG TA: Utstillingsrommet skal gje kundane høve til å sjå og ta på produkta frå Timbla.

Supplement til nettsida

Han håpar også å få samla fleire handverkerar ved møbelverkstaden som ligg rett ved Kaupanger Hovedgård.

– Slik at me kan gå saman fleire hendverkarar og basera arbeidet på konseptet med råvarer frå Sogn. Ja, furua i det langbordet kjem frå han, seier Loftesnes og peikar på Magne Selseng, som svingar innom.

Så peikar han på langbordet i modellen «Anfinnstølen» – furua i dette langbordet kjem altså frå denne stølen på 750 moh.

På nettsida til Timbla «Pure Norwegian wood» kan kundar skreddarsy sine eigne langbord alt etter kva type tre, kva modell, kva mål, kva understell og kva fargar ein ønskjer. Det nyopna utstillingsrommet er eit supplement til nettsida.

– Her kan folk koma og sjå og ta på produkta. Ein får ikkje det same fullstendige inntrykket ved å sjå på bilete på ein skjerm.

Til toppen