NYTT TILFELLE: EIt nytt nytt dyr i Nordfjella har fått påvist skrantesjuka, det første etter at den statlege fellinga starta.
NYTT TILFELLE: EIt nytt nytt dyr i Nordfjella har fått påvist skrantesjuka, det første etter at den statlege fellinga starta. (Foto: Arkiv)

Har oppdaga nytt tilfelle av skrantesjuke

Ei drøy veke etter at den statlege fellinga av villrein i Nordfjella starta, er det funnet eit nytt tilfelle av skrantesjuke. Det melder Mattilsynet.

Nordfjella: Dette er det åttende dyret i området som har fått påvist den dødelege sjukdomen sidan kartlegginga startet i 2016, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding.

– Me reknar med å finna fleire positive dyr framover. Skrantesjuka spreier seg frå dyr til dyr og til miljøet, og det er difor me no jobbar med å fjerna heile stammen, seier Hallgeir Herikstad, CWD-koordinator i Mattilsynet.

Målet er å fjerna smitta og hindra spreiing

Reinsdyrbukken vart skoten av eit fellingslag frå Statens naturoppsyn og smittestoffet vart påvist i lymfeknutane til dyret. Dette er det første sjuke dyret som er oppdaga sidan den statlege fellinga starta 7. november. Den 15. november hadde fellingslaget skote 64 reinsdyr. 

Mattilsynet presiserer i pressemeldinga at nedslaktinga ikkje først og fremst handlar om å fjerna sjuke dyr, men om å fjerna smitta for å hindra at sjukdomen seg til andre hjortedyr og miljøet.

Reetableringa kan tidlegast starta i 2023

Det er òg meininga at villreinstammen skal etablerast på nytt så snart som råd og Mattilsynet og Miljødirektoratet har laga ein førebels plan på korleis det skal skje. Heile planen kan du lesa her.

Men allereie no er det klart at prosessen med å få tilbake ein frisk villreinstamme tidlegast kan starta i 2023.

– Friskmelding av dei aktuelle bestandane det skal hentast dyr frå krev at det blir teke prøver av rein i desse områda i mange år framover. For å få ei vellukka reetablering, må det òg sikrast pengar til forsking og utvikling av metodar som kan påvisa smittestoff i miljøet, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet til eigne nettsider.

 

 

Til toppen