Gulen: Fleirbrukshallen som er prosjektert skal liggje like bak Vidsyn. I tillegg er det planlagt eit tilbygg til Vidsyn der det kan verte ein Reodor Felgen-verkstad etter modell frå den som finst i Førde.

Har planane klare for symjebasseng og fleirbrukshall i Sløvåg: – Viss kommunane vil, får vi dette til
Wergeland Holding AS har teke kostnaden med å prosjektere ein flerbrukshall med basseng ved Vidsyn. – Vi ønskjer at politikarane skal vite kva som er mogleg, seier konsernsjef for Wergelandgruppa, Irene Kjelby Wergeland.