Sognefjellet: – Vêrmeldingane i fjellet varslar uvêr det komande døgnet, så det blir difor ikkje opna for trafikk over Sognefjellet i dag, seier Katrina Kvåle ved vegtrafikksentralen.
Det var for halvanna veke sidan, den 14. september, at eit ras gjekk ved Bøvertunsvatnet på austsida av Sognefjellet.

Vegvesenet måtte bruka helikopter for å få ned steinar og lausmassar, og grunna sterk vind tok det fleire dagar før arbeidet kunne gjerast ferdig.
– Sognefjellsvegen har difor vore stengd på strekningen mellom Krossbu og Rustadsæter.
Oppryddningsarbeidet er ferdig
Arbeidet skulle vera ferdig i dag, men no vil vegen halda fram som stengt på ubestemt tid grunna uvêret.
– Oppryddningsarbeidet er ferdig, men vegen vil ikkje bli opna for trafikk grunna vêret. Det er vanskeleg å seia når det blir opna, seier Kvåle.
- Les òg: Sogn sleppte billeg unna uvêret.
