OMRÅDEPLAN: Delar av områdesplanen.
OMRÅDEPLAN: Delar av områdesplanen. (Bilde: Sogndal kommune)

Har samla inn 1119 underskifter mot Områdeplan Campus: – Heile prosessen er vanvittig

Det seier Jonny Akselsen i Sogndal, som saman med ei gruppe står bak kampanjen «Stopp områdeplan Fosshaugane Campus 2.0».

Sogndal:  Hovudmålet med områdereguleringsplanen for Campus Sogndal er å knyta Fosshaugane Campus og Fjøra til eit samanhengande gang- og sykkelvenleg sentrumsområde. 

Det skal sikrast område for utbygging til undervisning/forsking, næring, bustad, idrett og aktivitet og gode uteområde, skriv Sogndal kommune på heimesida si. 

Men prosessen har fått ei gruppe på 13 personar i Sogndal til å reagera. Jonny Akselsen, som bur i Skulevegen i sentrum, er ein av dei. 

– Eg blir nesten satt ut av korleis kommunen har jobba med dette. Eg føler dei har gått stille i dørene og ikkje vore tydelege på kva dei jobba med.

Brev sendt ut via Altinn

Akselsen reagerer på at kommunen sendte informasjonen om planane via Altinn, altså digitalt, og ikkje via brev i posten.

ENGASJERT: Jonny Akselsen. Foto: Privat

– Som privatperson sjekkar ein sjelden Altinn. Ein anna ting er at dei brukar overskrifta «Fosshaugane Campus», men me som bur i sentrum bur ikkje på Fosshaugane. Me føler dei har brukt dekknamn slik at Sogndal si befolkning ikkje skal forstå at det er sentrum det er snakk om. 

Akselsen og dei andre i gruppa starta ei underskriftskampanje fysisk og på nett. På infomøte hjå kommunen seier dei at dei fekk tre dagar på seg til å samla inn 152 underskrifter frå folk som var imot planane.

– Heile prosessen tykkjer eg er vanvittig. Men me har samla 1119 underskrifter, og det har kome fleire etter me leverte dei. 

Akselsen og gruppa tenker å kontakta alle dei politiske partia og overlevera underskriftene.

– Me meiner politkarane må tenka seg om når så mange som 1/3 av dei som har stemt ved valet, har skrive under på at dei ikkje vil ha det sånn. 

Han seier at mange er byrja å forstå at store delar av omreguleringa dei planlegg, er i sentrum.

– Eg tykkjer det er gale at dei ikkje tek lokalbefolkninga med på ein så enorm plan som det her. Mange opplever at det er fortettning dei held på med, og fortrenging av dei som bur i sentrum. Det er ein ufin måte å gjera ting på, seier Akselsen.

Kommunen: – Uheldig plannamn

Cornelis Erstad, tenesteleiar i avdeling for plan og næring i Sogndal kommune, seier at når dei skriv og varslar om oppstart av planarbeid og seinare offentleg høyring og ettersyn, vert dette sendt til alle innanfor planområdet, samt dei som grensar til planområdet.

Erstad seier også at det ikkje er riktig at kommunen etter infomøtet gav gruppa ein frist på tre dagar til å samle inn underskrifter mot planane. Denne høyringsfristen 19. august skal ha vore kjent sidan starten av juni.

– Altinn er ein standardisert portal for offentleg informasjon som er nytta av dei fleste offentlege etatar. Dersom breva som vert sendt dit, ikkje vert opna i løpet av nokre dagar, vert dei automatisk skrive ut og sendt i posten til den aktuelle mottakaren.

– Me ser at plannamnet Campus Sogndal er uheldig med tanke på at det berre referar til ein del av planområdet.

Erstad presiserer at planprosessen ikkje vil stoppe opp, men at dei vil gå gjennom alle merknader som er komne, og levere ei tilråding til forvaltningsutvalet og kommunestyret om eventuelle endringar i planframlegget

– Kommunen både vil og har plikt til å involvere alle med interesser i eit planarbeid, det betyr likevel ikkje at alle kan få gjennomslag. Det vil til sist vere opp til det politiske fleirtalet om planen skal vedtakast eller utsetjast. 

Meiner politikarane bør tenka seg om

Akselsen legg ikkje skjul på at dette er blitt ei kampsak for han.

– Det blir det jo absolutt. Me ynskjer ikkje at dette skal bli gjennomført i det heile teke, og ynskjer at dei skal stoppa saka slik som det er no. Det er mange alternativ til å bygga blokker i sentrum, så det er mykje ein heller kan gjera.

I brevet som følgde med underskriftskampanjen, skreiv gruppa: 

«Områdeplanen Fosshaugane Campus 2.0 er i utgangspunktet ein plan for Campus, men planen har vakse langt utover seg og dekkjer no ein vesentleg del av Sogndal sentrum. Det manglar ikkje plass til nye bustader i Sogndal. Til dømes oppover mot – og på – Bjelde; vidare oppover mot Dalen; på Loftesnessida; innover mot Hafslo; frå Kjørnes mot Kaupanger og andre stader. Her kan arkitektar og utbyggarar boltre seg og vise omverda korleis ein kan fortette på ein harmonisk måte.

Vidare bør ein spørje seg kva innbyggjarane i Sogndal ynskjer seg. Er det slik at alle drøymer om å bu tett i tett i blokkbebyggelse i Fjøra, eller ynskjer barnefamiliane einebustader med hage og boltreplass? Dette er spesielt noko politikarane bør ha i bakhovudet, som nettopp er valde av dei same innbyggjarane. Me oppfordrar politikarane i Sogndal til å stoppe denne områdeplanen, trekke pusten og få på plass revidert arealplan før ein går vidare med områdeplanen. Tenk skikkelig gjennom det, og ta vare på særpreget i bygda vår. Utvikle tomme areal og ta vare på det gode me har. Bygda som heilskap må vere avgjerande i eit planleggingsarbeid av slike dimensjonar. Det er plass til alle i Sogndal og meir til, men alle kan ikkje bu i same gata.»

Til toppen