POPULÆRT: Kvart år legg Jordeplerock ut rabatterte billettar som dei brukar nokre dagar på å selje ut. I åt tok det ti minutt. Foto: Jan Christian Jerving.
POPULÆRT: Kvart år legg Jordeplerock ut rabatterte billettar som dei brukar nokre dagar på å selje ut. I åt tok det ti minutt. Foto: Jan Christian Jerving.

Har seld billettar i rekordfart

Jordeplerock er ein musikkfest i vekst, og det syner salet av billettar.

Lærdal: Sjølv om dei framleis har nokre godbitar att på lager, er publikum trygge på at også årets musikkfest i Lærdal vil levere. Det syner iallfall førehandssalet på dei rabatterte billettane.

– I alle år har me lagt ut rabatterte billettar. Før kunne salet av desse ta fleire dagar før dei vart utselde, men i år tok det ti minutt, smiler Torgeir Skjerdal i Jordeplerock.

– Deltager.no gjekk heilt i surr på grunn av den store pågangen. Det var enkelte som ikkje kom inn ein gong. Det tykte me var litt moro sidan me ikkje har opplevd dette før. 

Ny rekord i fjor

I fjor sette Jordeplerock ny rekord i tal billettar. Då Hellbillies stod på scena, var det 1200 menneske innom området for å høyre på. Totalt selde dei 1800 billettar. 

Det var dei ikkje heilt budde på, så difor blir det eit tak i år rett og slett for å heva kvaliteten på heile arrangementet, har Skjerdal tidlegare uttalt. 

Fleire artistar att

Til no er DDE, Sandra Lyng, Gunslingers og Kjartan Lauritzen annonsert og klare. I løpet av dei neste vekene skal to lokale artistar annonserast før dei avsluttar med ei overrasking. 

– Me har ikkje hatt ressursar til å laga to så solide dagar, men i år blir både fredag og laurdag skikkeleg bra. I løpet av dei neste vekene kjem programmet. No har me berre halde oss litt tilbake ein månads tid og samla opp dei siste artistane. 

I år tilbyr Jordeplerock også busskyss til dei som kjem frå nabokommunane, og Skjerdal fortel at folk har vist god respons på dette. 

Til toppen