GOD LÆRAR: Kunst- og handtverklærar Inger-Kari Selås hjalp til med ideen og gjennomføringa av kjolen som sikra Margit Brooks (13) og Synne Bentås (13) plass i UKM- festivalen i Trondheim. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
GOD LÆRAR: Kunst- og handtverklærar Inger-Kari Selås hjalp til med ideen og gjennomføringa av kjolen som sikra Margit Brooks (13) og Synne Bentås (13) plass i UKM- festivalen i Trondheim. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Har sendt fem kunstverk til UKM-festivalen

Kunst- og handtverklærar Inger-Kari Selås har hjelpt og inspirert kunstelevar frå Lærdal i over 20 år.  

Lærdal: – Me har lange røter i kulturskulen her i Lærdal. I løpet av Inger-Kari si tid på Lærdalsøyri skule og i kunstskulen har ho tilsaman sendt fem kunstverk til den nasjonale finalen i ungdommens kulturmønstring, seier Magne Grøttebø, kultursjef i Lærdal. 

Les også: Lærdøler gjekk vidare i UKM

Førre helg gjekk 13-åringane Margit Brooks og Synne Bentås vidare frå fylkesmønstringa i Førde til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim som skal arrangerast i juni. 

Lærdølen Tarjei Hamre (18) gjekk også vidare på vokal med songen «Broken hands». Med to av ni innslag vidare til den nasjonale UKM-festivalen, representer Lærdal ein stor del av dei utvalte frå fylket.

Følgjer opp elevane 

Selås har vore kunst- og handtverklærar i 30 år, 20 av desse åra har ho undervist på Lærdalsøyri skule. 

– Fordelen som me har i forhold til UKM, er at me bruker litt av dei kunstverka som elevane lagar på skulen, forklarar Selås. 

Ho jobbar fulltid på Lærdalsøyri skule og har ei deltidsstilling på Kulturskulen. 

– Me har eit veldig godt samarbeid, vertfall når det gjeld kunst og handtverk. Eg har moglegheita til å plukke ut og påverke elevane litt til å levere inn kunstverka sine. Mange av elevane hadde nok ikkje levert inn verka sine om me lærarar ikkje hadde masa på dei, seier Selås. 

Ho syns også det er viktig at elevane får merksemd for andre ting enn berre idrett. 

– Dei estetiske faga syner at me har eit mangfald av flinke elevar og unge kunstnarar her i Lærdal, både innan musikk og handtverk. Kulturskulen står veldig sterkt i kommunen, forklarar ho. 

På Lærdalsøyri skule har det vore lite utskifting av lærarar dei siste åra. Dette kan ifølgje Selås bidra til å leggje opp eit betre program for elevane.

– Me er veldig heldige. Eg har moglegheita til å følgje elevar allereie frå 4. klasse og leggje opp planar og bygge på dei kommande åra. Elevane er innom fleire ulike område og problemstillingar, seier ho.

"Lokalkjendisar"

Både Margit og Synne går på Kunstskule i tillegg til å drive med handverk på skulen. Kjolen som dei gjekk vidare til UKM-festivalen med, har dei jobba med i heile fjor haust.

– Me hadde veldig lyst å laga ein kjole, men var usikre på kva stoff me skulle gå for. Til slutt landa me på plastikk. Det er litt annnleis og gjennbruk av plast er klimavennleg, seier Synne.

Jentene syns begge det var artig å sjå kva dei andre ungdommane stilte opp med på fylkesmessa og at det er fleire som driver med det same som dei. 

Kvelden etter framsyningane av dei ulike kunstverka og innslaga fekk Synne veta at ho og venninna hadde gått vidare med kjolen.

– Då hadde Margit allereie reist og eg måtte halde det hemmeleg. Difor fekk eg ikkje sagt det til ho før dagen etterpå. Det vart med andre ord ikkje ein skikkelig feiring då, forklarar Synne.

Korleis har responsen vore i ettertid?

– Nyheita om at me hadde gått vidare kom på Porten, så når eg går på butikken no, stoppar alle meg for å gratulera. Det er litt morosamt, innrømmer Margit.

Begge to ønskjer å halde fram på kunstskulen til vertfall ut 10. klasse.

VIDARE: Margit Brooks og Synne Bentås frå Lærdal gjekk vidare med ein kjole som er laga av resirkulert plast.
VIDARE: Margit Brooks og Synne Bentås frå Lærdal gjekk vidare med ein kjole som er laga av resirkulert plast.

Uvanleg og taktisk

Dei to jentene ville eigentleg jobba med kjole-prosjektet som valfag på skulen. Dette gjekk ikkje, og det var då Selås kom med ideen om å jobba med prosjektet på Kunstskulen.

– Dei ønskja å gjere noko litt uvanleg slik at sjansane for å bli sendt vidare auka. Det var litt taktikk involvert og me fann ut ilag at plastikk var nok litt lurt. Plastikk er ikkje det fyrste ein tenkjer på når ein ser på ein kjole, seier Selås.

Jentene brukte ei god stund på å finne ein teknikk som fungerte og tok fleire syprøvar for å komme fram til den rette framgangsmøten.

– Fyrst prøvde me med plastikk under, men det gjekk ikkje. Dei fant ulike kle og enda opp med å klippe og sy saman ein singlet som underkjole, seier Selås.

Det var viktig at kjolen gjekk an å ta av og på, slik at det ikkje berre var ein skulptur.

– Me har begge prøvd kjolen, men me går ikkje med kjole til vanleg. Kanskje kunne me brukt den på ein stå-fest, sidan det er vanskeleg å sitte med denne kjolen, seier Margit.

Unge designarar

Jentene gledar seg veldig til dei skal til Trondheim fyrstkommande juni og syna fram kjolen for eit nasjonalt publikum.

– Eg trur me kom vidare fordi me hadde ein kjole og blant dei andre kunstverka var det mykje teikningar og måleri. Når me kjem til Trondheim er det nok veldig forskjellig og mykje meir utval, seier Synne.

Denne påstaden er derimot kunst- og handtverklæraren veldig usamde i.

– Eg trur dikka hadde lege godt an sjølv om det hadde vore mange ulike kjolar med. Det er tross alt ein veldig fin kjole, seier Selås.

Mange av dei andre musikarane og kunstnarane som deltok i UKM, var mellom 16 og 20 år. 

– Desse dyktige designarane er veldig unge, men likevel veldig talentfulle, konstanterer Selås.

– Talent skal utviklast på rett måte

Kultursjefen i Lærdal, Magne Grøtte, meiner Inger-Kari Selås gjer ein kjempe innsats med å utvikle og inspirere kreative talentspirer i Lærdal.

 – Ho er kjempe flink! Alle elevane som har gått vidare med kunstverk har hatt Inger-Kari som lærar. Det vitnar om kvalitet blant lærarkreftene. Sjølvsagt skal ein ha talent, men talenta skal utviklast på rett måte, seier Grøttebø.

GODE RAMMER: Kultursjef Magne Grøttebø meiner politikarane i Lærdal gir kulturskulen gode rammer for å utvikle talent.
GODE RAMMER: Kultursjef Magne Grøttebø meiner politikarane i Lærdal gir kulturskulen gode rammer for å utvikle talent.

Han meiner at politikarane i Lærdal gir kulturskulen gode rammer for å utvikle talent i bygda.

– Me har godt undervisningsmateriale. I tillegg til å sju flinke musikklærarar har me også nokre gode kunst- og handtverklærarar. Me har mykje plass, både i gamlebanken og på alle dei tre skulane i kommunen. Plass står det ikkje på, seier Grøttebø.

Kulturskulen opptrer ikkje med venteliste på dei ulike musikalske og handtverkgreinene som ein kan melda seg på.

– Men ein elev kan ikkje vera med på alt av undervisning, presiserar han.

Når ein småbarnsfamilie flyttar til ein ny plass, er kva tilbod kommunen kan tilby gjerne eit av dei første spørsmåla dei stiller seg.

 – Kulturen gir ungane ei oppleving. Kultur er ein viktig fritidsaktivitet. Her i Lærdal har me mykje resursar. Eg skulle ønskja at me kunne spela meir på lag med nabokommunane om kulturtilbodet og samkøyra oss, seier Grøttebø.

 

Til toppen