LAKSELUS: Ved å vite når laksesmolten vandrar i fjorden, kan ein gjere presise tiltak for å unngå at laksen vert infisert av lakselus. Foto: Henning Urke.
LAKSELUS: Ved å vite når laksesmolten vandrar i fjorden, kan ein gjere presise tiltak for å unngå at laksen vert infisert av lakselus. Foto: Henning Urke.

Har sett på korleis lærdalslaksen kan unngå lakselus

Ved å finne ut kor lenge lærdalslaksen oppheld seg i i fjorden, kan ein gjere tiltak for å unngå lakselus.

Lærdal: Lærdalselvi blir rekna som lokomotivet i Sognefjorden både med tanke på tal fanga laksar og at elva står for 60 til 70 prosent av den regionale lakseproduksjonen.

I eit normalår vil Lærdalselvi bidra til eit middels godt laksefiske i alle andre vassdrag i fjordsystemet grunna naturleg feilvandring. 

Henning Urke i INAQ har dei siste åra forska på korleis laksen vandrar, når det skjer og kor lenge fisken er i fjordsystemet. Resultatet er tydeleg. For å unngå at laksen blir infisert av lakselus, kan ein gjere tiltak lenger ut i fjorden i samband med utvandringa til fisken.

SENIORRÅDGIVAR: Henning Andre Urke i INAQ.
SENIORRÅDGIVAR: Henning Andre Urke i INAQ.

Veit meir om villakssmolten

– Me veit no mykje meir om kva tid villakssmolten vandrar ut frå Lærdalselvi og kor lang tid han brukar på sin ferd ut av Sognefjorden. 

– Me har sett at vassføring er viktig, og me er så heldige at me har mange lyttebøyer, så me har registrert heile vegen til Solund. Me ser at i 2013 gjekk smolten i to grupper i mai. I 2014 gjekk han i samla tog, seier Urke.

Når skal ein treffe tiltak?

I forskinga har dei sett at temperatur til dømes har lite å seia for når fisken går ut. I staden var det auke i vassføringa som var avgjerande. Og kva er målet? Jo, ved å vite når laksen passerer ytre delar av fjorden der oppdrettsanlegga ligg, kan oppdrettarane setje inn tiltak slik at det minst mulig infektive lakseluslarvar i denne delen av fjorden. 

– Når det gjeld lakselus, så ser me at det har vore lite lus. Det er veldig bra for lærdalslaksen. Det som er viktig er å vita når du bør overvake slik at ein treff til denne bestanden. Våre resultat frå 2013 og 2014 viser at me treff veldig bra, noko som me kan bruka inn mot lærdalslaksen. 

– Det er viktig å vite når fisken passerer, som er stort sett mellom 10. mai og 10. juni, så må dei gjera tiltak slik at fisken treff minst mogleg lakselus. Dette er litt som å treffe med skismøringa, fortel Urke.

Negative miljøeffektar

Nyleg bad Nærings- og fiskeridepartementet Mattilsynet og Fiskeridirektoratet om å kome med forslag til tiltak for å motverke negative miljøeffektar knytt til lakselusbehandling. Her kan denne typen forsking vere til hjelp.

– Viss oppdrettar skal gjera eit tiltak, så er det viktig at dei gjer det på rett tidspunkt slik at dei slepp å bruka det fleire gonger. Det er snakk om eit spissa tiltak. Då slepp ein å strekke det over lenger tid enn naudsynt, kommenterer Urke.

Prosjektet er eit samarbeid mellom oppdrettsnæringa, kraftprodusentar og Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Til toppen