SET UT FELLER: Gro-Merete Blix har saman med fleire andre engasjert seg i kattene som er utan ein heim langs fylkesveg 53 i Øvre Årdal. I løpet av dei siste dagane er det fleire som har sett kattene frå kraftstasjonen og heilt opp på 400-meteren.
SET UT FELLER: Gro-Merete Blix har saman med fleire andre engasjert seg i kattene som er utan ein heim langs fylkesveg 53 i Øvre Årdal. I løpet av dei siste dagane er det fleire som har sett kattene frå kraftstasjonen og heilt opp på 400-meteren. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Har sett ut feller i håp om å fanga kattene

Deretter startar arbeidet med å gi kattane ein permanent heim.

Øvre Årdal: – Me har no sett ut tre feller med mat slik at viss katten går inn i fella, så dett ei luke ned og fangar han.

Det fortel Gro-Merete Blix. Ho er ei av dei som har engasjert seg veldig i kattemysteriumet langs fylkesveg 53 i Øvre Årdal. I løpet av dei siste dagane har mange observert fleire katter langs vegen som går oppover til fjells.

– Me trur det er tre eller fire katter. Eg har sett to, og mor og far min har sett éin, medan nokre seier dei har sett ein oransje katt. Me trur det kan vere ei kattemor med ungar, men det er umogleg å seie sikkert fordi folk har ulike meiningar om kva ein definerer som kattunge. 

Oppheld seg frå kraftstasjonen og oppover

Kattene oppheld seg frå kraftstasjonen i den nedste svingen og oppover til 400-meteren. Kva som er årsaka til at kattene oppheld seg her, finst det førebels berre teoriar på.

– Det er vanskeleg å seie. Kattene kan ha rømt, dei kan ha blitt med eigar på hytta og stukke av, eller eigaren kan rett og slett ha sett dei frå seg. Katten eg observerte, såg ikkje vill ut iallfall, seier Blix. 

Mange engasjerer seg

I tillegg til gjengen i Dyrevernlaget i Indre Sogn, er det fleire privatpersonar som har engasjert seg, mellom anna Blix, som måndag bidrog til å setja ut feller. 

– Det er ein del i bygda som har hjarte for dyr. Det er ikkje godt å sjå verken katter eller hundar som går laust. Det er bra at folk engasjerer seg og vil gi dyra trygga heimar, seier ho.

– Me har no ein dialog med dyrlege på Årdalstangen. Dersom me får tak i kattene, så blir det full sjekk, oppfôring og vaksine viss det er behov. 

Behov for nye heimar til kattene

Førebels har dei fått tak i tre mellombelse heimar, men det er permanente heimar det verkeleg er behov for. Om sommaren er dette typisk sidan mange plutseleg innser at dei ikkje kan eller vil ta med seg katta på ferie. Over heile Noreg opplever dyrehusa eit voldsomt press no. 

Blix ber no folk som ønskjer å bidra om å ta kontakt med ho på telefon eller Facebook, eller dei kan kontakte Dyrevernlaget. Ho ber folk om ikkje å gå og sjå til fellene utan å gi beskjed først.

– Elles er det fleire no som har sagt dei vil bidra slik at fellene vert sjekka om lag kvar andre time slik at kattene ikkje blir sitjande lenge åleine. 

Til toppen