SIGNERT: Tore Johan Arntzen i Handelsbygg fortel til Porten.no at dei no har fått på plass ein avtale med Europris dersom dei får lov til å setja opp eit forretningsbygg i Hydroparken. 
SIGNERT: Tore Johan Arntzen i Handelsbygg fortel til Porten.no at dei no har fått på plass ein avtale med Europris dersom dei får lov til å setja opp eit forretningsbygg i Hydroparken. 

– Har signert avtale med Europris

Det har alltid blitt omsnakka som at Europris er ein av butikkane som skal inn i eit eventuelt nytt handelsbygg i Hydroparken, men no er faktisk kontrakten signert. 

Årdal: Det er ei kjend sak at Handelsbygg har bygd mange forretningsbygg for Europris i Noreg. Difor har det heile tida vore «sikkert» at billigkjeda skulle koma til Årdal. 

Men det er først no at Handelsbygg har inngått ein kontrakt med Europris, fortel dagleg leiar i Handelsbygg Tore Johan Arntzen til Porten.no. 

– Det stemmer. Det har vore oppe til styrehandsaming i Europris, og dei har sagt ja og har signert kontrakt.

Ikkje faghandel

Dermed er den eine av potensielt fleire butikkar på plass for det mykje diskuterte forretningsbygget som kan koma i Hydroparken i Årdal. 

Det har vore spekulert i kva den eller dei andre butikkane er, men Arntzen har tidlegare sagt til Porten.no at dette ikkje vil vere noko innan faghandel, og at det truleg blir ein eller to aktørar i tillegg til Europris.

– Dette området er ikkje eigna for faghandel. Her skal det liggja store butikkar, sa han heilt tilbake i april 2015. 

Byggjestart til våren

Saka har engasjert innbyggjarane i kommunen. Medan mange meiner Årdal har behov for slik næring, er motstandarane klare på at dei ikkje vil at Hydroparken skal nyttast til dette føremålet og at bygget heller burde plasserast andre stader. 

Det er snart to år sidan planane kom fram i lyset for første gong, og i haust skal saka opp til politisk handsaming. Det er ikkje klart eksakt når, men truleg vil politikarane få dette på bordet i oktober eller november. 

Blir det eit ja, vil det framleis ta litt tid før arbeidet startar.

– Me likar ikkje å byggje om vinteren med tele og så vidare. Det kostar for mykje. Difor blir byggjestart då i april eller mai, og så vil bygget stå klart til innflytting i november, seier Arntzen.

Til toppen