Kaupanger: - Dette er ei talentfull jente - ein spelar for framtida. Ho gir seg aldri, er ein svært hardtarbeidande midtbanespelar, uredd i duellspelet, god i boks og har ein grei teknikk, seier kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde.
Njåstad har vore med på KILU - tiltaket Kaupanger har for unge spelarar frå fylket - og ho har hospitert med a-laget.
- Ho er henta inn i førstelagsstallen, men som fjortenåring har ho jo ein veg å gå, så me får sjå om ho får sjansen på førstelaget i år.
Les også: – Føler ikkje eg er ferdig med å utvikla laget
Les også: Håpar å stilla med eit enno sterkare lag
Ønskjer seg rutine
Elles er det ikkje noko nytt på overgangsfronten i Kaupangerleiren. Lindesteg Rinde ønskjer seg likevel to ting dei næraste månadane:
- Førebels held me på dei fleste, men det skjer jo gjerne ein del i januar og februar. I fjor mista me to spelarar i sesongoppkøyringa, det er ikkje heilt heldig.
- Så du håpar laget skal vera ganske satt ved utgangen av februar?
- Me vil helst ikkje mista nokre ut då, men få fleire inn. Litt eldre og rutinerte spelarar er det me treng mest no.