MEIR ENN HALVVEGS: Opphavleg talde villreinstammen på Nordfjella rundt 2100 dyr. No er det mindre enn 1000 att: 643 var skotne under jakta i haust, nye 531 på dei seks første vekene av den statlege fellinga.
MEIR ENN HALVVEGS: Opphavleg talde villreinstammen på Nordfjella rundt 2100 dyr. No er det mindre enn 1000 att: 643 var skotne under jakta i haust, nye 531 på dei seks første vekene av den statlege fellinga. (Bilde: Aleksander Åsnes/NRK)

Har skote 531 villrein på seks veker – no tek dei juleferie

– Me er særs godt nøgde med framdrifta, seier direktøren i SNO. Dei er no godt over halvvegs og i rute til å nå målet om å utrydda stammen på Nordfjella.

Nordfjella: Dei første seks vekene av den statlege fellinga er over. Så langt er 531 villrein skotne av dei under 1500 individa som var att etter jakta i haust. På det meste er det felt 64 dyr på èin dag.

– Me er særs godt nøgde med framdrifta. Den er i overkant av kva me hadde håpa og trudd på i denne perioden, med lite dagslys og krevjande vêr og føre, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO) i ei pressemelding frå Miljødirektoratet.

Mistenker at to nye dyr er sjuke

Opphavleg talde stammen på Nordfjella rundt 2100 dyr. 643 vart skotne under den utvida jakta i haust. Tre fellingslag på ti personar kvar har felt ytterlegare 543 dei siste seks vekene dei har gått i turnus. I går, måndag, tok dei fri til over nyttår. Etter planen skal heile stammen vera vekke innan mai neste år.

SNO står for den praktiske gjennomføringa av vedtaket om sanera ut villrein frå sone 1 i Nordfjella. Området omfattar seks kommunar, blant dei Aurland og Lærdal. Målet er å utrydda den dødelege skrantesjuka. Frykta er at sjukdomen skal spreia seg til andre stammar, òg til andre hjortedyr.

Skrantesjuka blei først påvist for halvanna år sidan. Så langt er det stadfesta at ti villrein i Nordfjella har blitt smitta. I tillegg er det no mistanke om to tilfelle til.

Avviser at dyra blir utslitne av jakta

Mange har frykta at villreinen skal slita seg ut av den intensive jakta. Fleire har kalla det heile for dyreplageri. Miljødirektoratet skriv derimot at villreinen så langt verkar å vera i bra form. Uttalen støttar dei på tilsynsrapportar frå Mattilsynet.

– Flokkane sin reaksjon på aktiviteten varierer sjølvsagt mykje, men jamt over verkar dyra mindre sky enn kva me hadde forventa. I mange situasjonar flyktar dyra over korte avstandar, før dei roar seg og beitar vidare, seier direktør Prestrud i SNO.

Til toppen