REGIONREFORM: Det handlar til sjuande og sist om vår makt til å styre eigen framtid, skriv Aleksander Heen i denne kronikken. Foto: Arkiv. 
REGIONREFORM: Det handlar til sjuande og sist om vår makt til å styre eigen framtid, skriv Aleksander Heen i denne kronikken. Foto: Arkiv.  (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Har Sogn og Fjordane ein plass i framtida?

Her kan du lese kronikken til fylkesrepresentant for Senterpartiet Aleksander Øren Heen. 

  • Endret

Du har sikkert høyrt om regionreforma. Kanskje har du tenkt at «dette betyr ikkje noko for meg.»

Regionreforma handlar i all hovudsak om å slå saman fylka, på Vestlandet vert det snakka om at Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skal slå seg saman til «ein handlekraftig landsregion på Vestlandet». Det høyres i utgangspunktet spennande ut.

Lite makt

Faktum er at i ein ny region vil me som i dag bur i Sogn og Fjordane utgjere 8% av det samla folketalet. Befolkningstyngda vil ligge i Bergen og Stavanger. Den folkevalde makta vil og ligge der folketalet er størst. Slik fungerer den politiske tyngdekrafta.

Dersom ein får eit «regionsting» for Vestlandet på til dømes 60 representantar, vil SF ha 5 av dei. Det vert ikkje mykje påverknad og reell makt til å prioritere SF utav dette.

Store konsekvensar

Kva driv eigentlig ein fylkeskommune med, og er det nøye om den vert større? Eg meiner ja, dette har store konsekvensar.

Fylkeskommunen har ansvaret for dei vidaregåande skulane, fylkesvegane, tannlegane, kulturtilbod og næringsutvikling. I vårt fylke har me mange små vidaregåande skular. Dette er eit politisk val. Desse, i landssamanheng, små vidaregåande skulane har så gode resultat at det vert forska på kvifor det er så gode resultat.

Moglegheit til å påverke

Det passar liksom ikkje inn i tankegangen om at størst er best. Det politiske fleirtalet (SP/AP) har over tid brukt mykje pengar på å oppretthalde dei aller fleste vidaregåande skulane i fylket.

Dette var og den heitaste valkampsaka i 2015, og den skal me levere på. Dersom me skal klare det, så må ein vere villig til å bruke pengar. Mykje pengar. I alle fall mykje meir enn t.d. Hordaland nyttar per elev. Og dette er litt av poenget, me kan styre dette sjølv i Sogn og Fjordane fordi me er eit eige fylke der du som innbyggar har stor moglegheit til å påverke!

Risiko

Dei fleste av oss hugsar skulebruksplan-saka som rulla og gjekk i 2013, der det til slutt vart vedteke å legge ned 2 vidaregåande skular, Luster og Jølster. Dette var det minst dramatiske alternativet som låg på bordet.

Det mest alvorlege hadde medført at ein kun hadde 6 av 12 skular igjen i dette fylket. Men, fordi me er eit eige fylke som bestemmer sjølv, så kunne me gjere nettopp det.

Eg er svært bekymra for at det forslaget vert plukka fram igjen etter ei fylkessamanslåing når dei andre finn ut kor mykje høgare me prioriterer skule i Sogn og Fjordane.

Dette meiner eg er ei heilt reell problemstilling som folk må ta stilling til. Vil de ta den risikoen det er med å legge framtida til dei vidaregåande skulane i hendene på innbyggarane i Bergen og Stavanger som vil få tyngda av den folkevalde makta?

Skulen er berre eit døme, det same vil gjelde dei andre ansvarsområda.

Motmakt til Oslo

«Det vert meir makt til Vestlandet, me skal bli ei motmakt til Oslo» hevdar noko. Eg meiner me i dag er ei sjølvstendig motmakt til Oslo der det er nødvendig. At me kan sende vår eigen fylkesordførar til storting og departement er ein stor fordel.

Treng ein ei kraftsamling for Vestlandssaker er det fullt mogleg med dagens system, det vert og gjort. Sogn og Fjordane sine utfordringar vert ikkje lytta meir til dersom ein må ta ein omveg til Bergen.

At me har eigne stortingsrepresentantar som Liv Signe Navarsete og Ingrid Heggø er og svært bra. Dei kan på fritt grunnlag kjempe for Sogn og Fjordane utan å måtte stryke bergensarane på ryggen. At me er eit eige valdistrikt er viktig, det vil me truleg ikkje bli i framtida om regionreforma vert vedteken.

Styra eigen framtid

«Det skal bli meir fart i næringsutviklinga med ein stor region» vert det og hevda. Den kjøper eg ikkje. Det viktigaste for å få fart på næringsarbeidet er samhandling på tvers av etatar og organisasjonar.

Fosshaugane Campus er eit godt døme. Samhandling mellom ein sjølvstending høgskule, ein sjølvstendig fylkeskommune og kommune og private aktørar som Sogndal Fotball gjer slike prosjekt mogleg. Lokalt forankra beslutningstakarar er ein viktig verdi som i stadig fleire reformer vert fjerna frå oss.

Det handlar til sjuande og sist om vår makt til å styre eigen framtid.

Til toppen