ARBEID: Her ved Ottatunnelen og to andre tunnelar langs Lustrafjorden må folk bu seg på litt venting, seier Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
ARBEID: Her ved Ottatunnelen og to andre tunnelar langs Lustrafjorden må folk bu seg på litt venting, seier Sveinung Hovland i Statens vegvesen. (Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen )

Skal utbetra tre tunnelar i Luster: – Me held på ut året

Røneidtunnelen, Råumtunnelen og Ottatunnelen på strekninga Indre Hafslo og Skjolden skal i løpet av året få ei etterlengta og ordentleg overhaling. Det byr på venting for dagpendlarar og turistar.

Luster: – Me er fullstendig klar over problemet med turisttrafikk, men eg er meir bekymra for dagpendlarar som skal rekke barnehage og jobb, seier Sveinung Hovland, prosjektleiar for oppgradering av fylkesvegtunnelar i Sogn og Fjordane. 

Det er mange som køyrer strekninga dagleg og vegen er òg viktig for gjennomganstrafikken over Sognefjellet. Gjennomsnittleg passerar 2400 bilar gjennom tunnelen mellom Marifjøra og Gaupne kvart døgn. 

– Uansett når me jobbar vil det alltid vera nokon det ikkje passar for, seier Hovland. 

Les òg: Vegvesenet skal utbetra 150 tunnelar før 2025

Røneidtunnelen er for låg

I alle tre tunnelane skal det mellom anna setjast opp ny vass- og frostsikring, nye naudstasjonar og betre lys. Røneidtunnelen skal i tillegg strossast: det skal sprengast og takast ut masse frå tunneltaket slik at tunnelen kjem opp i ei høgd på minimum 4,2 meter.

– Det har vore eit problem at store og høge bilar må leggja seg inn mot midten av vegbana for å vera sikra på å ikkje ta oppi, seier Hovland. 

Arbeid i alle tre tunnelane samstundes

Tysdag denne veka startar arbeidet med å riva gammalt PE-skum i Råumtunnelen. All den gamle vass- og frostsikringa skal fjernast, før ny blir sett opp.

Før ferien blir det òg oppstart i dei andre tunnelane. Tidvis vil det bli arbeid i alle saman samstundes. I Råumtunnelen og Ottatunnelen skal arbeidet gjerast på dagtid mellom kl. 08:00 og 18:00.

– I Røneidtunnelen blir det nattarbeid og stenging om natta. Ved sprengingsarbeid må me stenga vegen i lenger tid, seier Hovland. 

Han påpeikar at det vil bli litt venting men at sikkerheiten er det viktigaste.

– Folk må nok vente litt, men det skal ikkje bli lenger enn 30 minutt om gongen. Det vil bli køyrd kolonne meir eller mindre kontinuerleg gjennom tunnelen, seier han. 

Til toppen