SNART FERDIG: Mannsberg kraftverk nærmar seg ferdigstilt. Prøvekøyring og noko arbeid gjenstår. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SNART FERDIG: Mannsberg kraftverk nærmar seg ferdigstilt. Prøvekøyring og noko arbeid gjenstår. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Har starta fyllinga av kraftstasjonen

Mannsberg kraftverk nærmar seg ferdig. 

Mannsberg: Etter planen skulle kraftverket ha stått ferdig fredag, men det er framleis litt arbeid som gjenstår, fortel Oddgeir Steinheim i Hydro Energi.

– Me har sett ein milepæl til måndag 17. oktober. Då skal alt montasjearbeidet vere ferdig. Me starta oppfyllinga av røyrgata i går for å vera sikre på at alt er rett og fungerer som det skal, seier han.

Det betyr at dei køyrer i gong stegvis med kvilepausar for å sjå at alt går greitt. Deretter ventar ein periode med prøvekøyring fram til 11. november når dei skal ta over kraftsasjonen. 

Produserer rundt 15 GWh

Det er Småkraft AS som bygger ut kraftstasjonen for Hydro Energi i Mannsberg i Årdal. Når alt står klart, skal kraftverket produsere rundt 15 GWh, tilsvarande rundt 6-700 husstandar. 

Det pågår også arbeid oppe ved Mannsbergvatnet, der det skal lagast til lukehus. 

– Når me ser at luka fungerer, så fjernar me fangdammen inne i magasinet, og den skal køyrast vekk, ikkje leggjast att i magasinet, forsikrar Steinheim.

Han fortel at det har gått fint å jobbe i høgfjellet sjølv med vekslande vêr og temperaturar. No kryssar dei fingrane for at siste del av prosjektet skal gå etter planen.

– Det er ein liten stasjon, men har sjølvsagt betydning for Årdal. Det følgjer alltid med arbeid og vedlikehald med ein kraftstasjon. Dessutan er det auka inntekter for Hydro og omgjevnadene. 

Ingen veg opp til vatnet

I dei opprinnelege planane skulle Hydro Energi lage til ein veg heile vegen opp til Mannsbergvatnet som folk kunne nytta når arbeidet var over, men slik blir det ikkje.

– Me søkte om å ha vegen, men fekk avslag på det. Me fekk det godkjend i konsesjon, og det var ønske frå fleire i Årdal om å behalde vegen, men NVE sa nei. Det er synd, for då kunne me køyrt opp i staden for å gå eller nytte helikopter, men me fekk avslag, og det ankar me ikkje.

Vegen ligg på duk, så det går fint å fjerne denne utan at han legg at spor i naturen. Massane skal i staden nyttast til å oppgradere den eksisterande anleggsvegen. 

Til toppen