ENDRING AV LOVAR OG FORSKRIFTER: Biletet er av Lærdal sjukehus, som har lokalsjukehusfunksjon for innbyggjarane i Indre Sogn i tillegg til medisinsk og ortopedisk/kirurgisk seksjonar. Illustrasjon: Arkivfoto
ENDRING AV LOVAR OG FORSKRIFTER: Biletet er av Lærdal sjukehus, som har lokalsjukehusfunksjon for innbyggjarane i Indre Sogn i tillegg til medisinsk og ortopedisk/kirurgisk seksjonar. Illustrasjon: Arkivfoto

Har styrka pasientrettane

To av endringane er no at sjukehusa må svara raskare på om pasienten har rett på helsehjelp og det blir tidsfrist for når hjelpa skal ha starta. 

Helsedirektoratet har styrka pasientrettane for pasientar som har tilvising til spesialisthelsetenesta. Fleire helselovar og forskrifter blir no endra med virkning frå 1. november, skriv fylkesmannen for Sogn og Fjordane

Av dei meste sentrale endringan er retten til å velje behandlingsstad og styrkte rettigheiter ved fristbrot. 

Sjukehusa må no svara raskare på tilvisingar frå pasienten og avklara retten til helsehjelp. I tillegg er det ei tidsfrist for når hjelpa skal starte. Bryt sjukehusa denne fristen, skal dei varsle HELFO, som skal syte for at pasienten får tilbod ein annan stad. 

Spesialisthelsetenesta skal gi pasienten svar på om personen har rett til helsehjelp eller ikkje innan 10 dagar etter dei har motteke tilvisinga. Tidlegare var denne fristen på 30 dagar. 

Her kan helsepersonell og pasientar få oversikt over behandlingsstader og ventetid i spesialisthelsetenesta.

 

Til toppen