GIR SEG: Johnny SVåi (midten) gir seg som leiar i ÅTIL. No går valnemnda, som består av Kari-Anne Grenager og Magne Knudsen, på jakt etter personar som vil inn i styret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GIR SEG: Johnny SVåi (midten) gir seg som leiar i ÅTIL. No går valnemnda, som består av Kari-Anne Grenager og Magne Knudsen, på jakt etter personar som vil inn i styret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Har takka nei til attval – jaktar ny leiar i ÅTIL

Valnemnda i ÅTIL skal erstatte tre medlem i styret til Årdalstangen idrettslag, mellom anna leiaren.

Årdalstangen: Johnny Svåi har nemleg takka nei til attval etter fem år som leiar i idrettslaget. 

– Det går på motivasjon. Arbeidsmengda er ikkje så voldsom. Det fine med å vera leiar er at du kan delegere, så det har fungert bra, smiler han.

Det betyr at vervet hans er på val til våren når det skal vere årsmøte 10. mars. Det same er vervet som nestleiar og styremedlem. Av dei som sit i styret i dag er det sikkert at Anne Kauppi og Ingvill Eldegard blir sitjande. Også Kåre Bruhaug har signalisert at han blir sitjande.

– Me går ut i media fordi ein organisasjon må fornye seg. Ungdommane må på plass, foreldre må by på seg sjølv slik at me framleis får eit aktivt ÅTIL, seier Magne Knudsen, som er i valnemnda saman med Kari-Anne Grenager.

– Me ønskjer å få inn dei som har små ungar for å byggja opp att med nye folk som blir verande ei stund. Det gir kontinuitet i staden for at folk sit i to år og så er dei ute fordi ungane er ute av idrettslaget, seier Grenager.

Tilbod for alle

Knudsen fortel om eit godt samarbeid med Jotun som har fungert i mange år og viser til avtalen fotballen nyleg vart samde om. 

– Så ein skal ikkje vera redd for at det ikkje fungerer. Me ønskjer at noko griper sjansen til å ha det kjekt ilag med ungane, seier han.

Når det gjeld ambisjonar for idrettslaget, så er dei klare på at dei ikkje skal drive med toppidrett, men heller skapa aktivitetar for flest mogleg.

– Me vil gi tilbod til alle ungar og også vaksne, men å skapa fysisk aktivitet for unge i Årdal er det viktigaste. Av og til dukkar det opp talent me hjelper vidare så langt me kan, og så må dei kanskje ut av bygda. Me har hatt gode skiløparar, turnerar og symjarar, men ein plass stoppa vår kunnskap, seier Svåi.

Til toppen