Reinsjegerane i Nordfjella som har skote rein første dagane av jakta kan no gå inn på Hjorteviltregisteret og sjekka om hovudet frå akkurat reinen eller reinane dei skaut er analyserte.
I dag kom den første statistikken. Denne omfattar 55 testa reinshovud, og samtlege prøvar var negative. Altså er det så langt ikkje gjort funn av CWD på rein som er skote i jakta.
Skryt av jegerane
- Men det er ikkje sikkert alle hovuda som er sendt inn er ferdig analyserte, så alle jegerar som har sendt inn hovud bør søkja opp sin innsendte prøve. Dette gjer ein med kjevelappnummeret, seier Kåre Rudningen, som er med og organiserer testinga lokalt.
Les også: Skal testa hjortehovud for CWD
Les også: – Liten risiko for at menneske blir smitta av hjortesjukdom
Om lag 15 000 hjortedyr reknar Mattilsynet med at vil bli testa i løpet av året. No er altså dei første 55 testa, i villreinområdet der sjukdommen for første gong i Europa vart oppdaga i vår.
- Eg vil skryta av jegerane, dei har vore svært flinke til å bera og levera inn reinshovud så langt, seier Rudningen.