SKADEFELLINGSLØYVE: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tildelt to skadefellingsløyve på jerv i Lærdal og Årdal/Luster for å minska tapet av sau i beitesesongen. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.
SKADEFELLINGSLØYVE: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tildelt to skadefellingsløyve på jerv i Lærdal og Årdal/Luster for å minska tapet av sau i beitesesongen. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Har tildelt to skadefellingsløyve på jerv

Fylkesmannen har tidelt to skadefellingsløyve i Lærdal og Årdal/Luster for å redusera tapa av sau i beitesesongen i 2015.

Det melder fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding. I fjor var jerveskadane rekordhøge med store tap av sau i Luster, Årdal og Lærdal, samt Stryn, og til saman vart det utbetalt over tre millionar kroner i rovvilterstatning.

Det var jerveskadane som var årsaka til store delar av denne summen. Tidlager i vår og vinter har Statens Naturoppsyn teke ut seks jervar i Sogn og Fjordane. I tida etter har det framleis blitt registrert spor etter jerv i alle kommunane med høgt skadeomfang i 2014.

– Me ser det difor som naudsynt å redusera talet på jervn ytterlegare for å sikra at fylket og region 1 når målsettinga om å vera beiteprioritert område. Per i dag er det ikkje dokumentert yngling av jerv i Sogn og Fjordane, men det er dokumentert fire ynglingar i Skjåk og Lom.

– To hi er tekne ut her, eitt i Skjåk og eitt i Lom. Dei ekstraordinære uttaka av jerv er i tråd med rovviltforliket i Stortinget. Målsettinga er reduserte skadar på sau og tamrein i 2015, skriv fylkesmannen.

Region 1 hadde ein lisenskvote på ti jervar for vinteren som har vore, men ingen av desse vart felt, og difor er det naudsynt med eit ekstraordinært uttak i området for å redusera tapa av sau i sommar. 

Skadefellingsløyva som no er tildelte gjeld frå 1. juni i år til 14. juni i år. I og med at det framleis er gode sportilhøve i fjellet, aukar det sjansen for felling.

Til toppen