LOVAR GODT: Trenar for Årdal FK, Ivan Øy, har god tru på at Årdal skal klare å hamla opp med motstandarane på fotballbanen denne hausten. Foto: Ina Eirin Eliassen
LOVAR GODT: Trenar for Årdal FK, Ivan Øy, har god tru på at Årdal skal klare å hamla opp med motstandarane på fotballbanen denne hausten. Foto: Ina Eirin Eliassen

Har trua på haustsesongen

Ikkje mange dagane står att før haustsesongen startar for Årdal FK. Trenar Ivan Øy, seier laget er i rute og er innstilt på å klatra på tabellen. 

3. divisjonslaget Årdal FK avslutta vårsesongen med 13 poeng etter 13 serierundar, fire poeng meir enn på same tid i fjor. 

Likevel var ikkje laget meir enn to poeng unna målet dei sette seg før sesongen. Årdal ligg på 12. plass på tabellen og eitt poeng under den frykta nedrykkstreken, før haustsesongen tek til. 

Men etter sommarferie er det no spennande måndader i møte for laget. Sjølv om trenaren kan sjå at nokre av spelarane har hatt ferie, er det ein tropp på 20 mann som er i god form. 

Artikkelen held fram under biletet

TAMPEN AV VÅRSESONGEN: Robin Moheim fortvilar over ein misbrukt sjanse mot Hødd 2, som dei spelte uavgjort mot i siste kampen av vårsesongen. Arkiv
TAMPEN AV VÅRSESONGEN: Robin Moheim fortvilar over ein misbrukt sjanse mot Hødd 2, som dei spelte uavgjort mot i siste kampen av vårsesongen. Arkiv

Lada opp med treningskampar

I oppkøyringa til sesongen har Årdal spelt to treningskampar. Dei sikra siger over Valdres FK, som leier si avdeling i 3. divisjon, på Blåbærmyra med stillinga 2-0. 

– Me spelte ein god kamp. Sjølv om me var lite folk, fekk dei som var der køyrd seg, fortel Øy. 

Under tysdagens treningskamp mot Fjøra, som kjempar i 4. divisjon, vart stillinga 2-2. 

Les også: Startar oppkøyringa mot haustsesongen 

Målet er å klatra

Øy fortel at ÅFK er eit typisk haustlag, som dei siste åra har gjort det betre i andre halvdel av sesongen enn første. Likevel er der eit tøft selskap i 3. divisjon, der det ikkje nyttar å bli for komfortabel. 

Målet for sesongen er å klatre opp på tabellen, slik at dei slepp å frykte streken og nedrykk. 

– Det er tett mellom laga, så det er ingen umogleg oppgåve, seier Øy. 

Uheldig vårsesong

I siste halvdel av vårsesongen har laget slite med sjukdom og skadar. I tillegg er det store krav til karane som er i full jobb ved sidan av fotballbanen. Sjølv om det ikkje har vore noko problem å kjøpa dei fri, er det ikkje alltid slik at ein har folk til å dekka for dei på arbeidsplassane under kampar.

Ifølgje Øy, er det noko vårsesongen ber preg av. Men med ny sesong for døra, har laget no gjort nokre justeringa. 

– Lovar godt

– Kva grep har det gjort sidan i vår?

– Me har mellom anna lagt ein meir langsiktig plan for spelarane me kan nytta til kvar kamp. I tillegg her me meir fokus på å halde spelarane skadefrie, gjennom bruk av fysioterapeut og betre oppfølging rundt spelarane, fortel Øy. 

I tillegg fortel trenaren at Preben Strypet, storscoraren frå i fjor med 16 mål for dei heilraude, skal vera med denne sesongen, noko som lovar godt. 

– Strypet er kjent for å vera ein målgarantist som veit kvar målet står. Me kan dra god nytte av å få han i god fotballform. Det virkar også positivt inn på resten av gruppa, seier trenaren.

Les også: Strypet melder seg til teneste

COMEBACK: Preben Strypet er no klar for haustsesongen for Årdal. På biletet har han nettopp sett ein straffe mot Spjelkavik. Arkivfoto
COMEBACK: Preben Strypet er no klar for haustsesongen for Årdal. På biletet har han nettopp sett ein straffe mot Spjelkavik. Arkivfoto

Etter vårsesongen peika både leiar i klubben, Geir Kjetil Øvstetun og Øy mellom anna på at laget må bli betre framfor mål og at dei skulle bruka sommaren til å sjå etter forsterkingar til laget.

No med Strypet på plass, har dei likevel ikkje tatt steget for å henta inn fleire nye spelarar. 

Les også: Øy: – Kanskje me må ut av bygda for å styrke oss

Til toppen