HANDLINGSRETTA PLAN MOT VALD: Politikarane vedtok ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. – Viktig at me har fått den på plass, sa ordførar Hilmar Høl.
HANDLINGSRETTA PLAN MOT VALD: Politikarane vedtok ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. – Viktig at me har fått den på plass, sa ordførar Hilmar Høl. (Foto: Sunniva Knutsen)

Har utarbeidd ny handlingsplan for vald i nære relasjonar: – Handlingsretta

Politikarane tok torsdag stilling til den nye handlingsplanen for 2020-2024.

Årdal: – Det er godt me får ein plan på dette no. Eg må seie at planen slik den ligg føre, er veldig god, sa ordførar Hilmar Høl (Ap).

I sakspapira går det fram at ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar har vore etterspurt politisk sidan 2016. I oktober same år vart ein slik plan utarbeidd, då retta mot vald mot born og unge.

Ein handlingsretta plan

Sidan 2016 og fram til no har arbeidet med planen blitt nedprioritert. Ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe har laga ein framdriftsplan, og no omfattar planen alle innbyggjarar i alle aldersgrupper. 

OPPLÆRING: Planen vil bli lagt inn som del av opplæringa til både gamle og nye tilsette, opplyste kommunalsjef for helse, Mette Berg. Foto: Arkiv

Politikarane skrytte over at planen var handlingsretta.

– Me har laga ein mal på at planen skal vera handlingsrettleia, at me må setje i gong tiltak, sa Mette Berg, kommunalsjef for helse. 

Ho opplyste at planen ville bli brukt flittig i opplæring av tilsette.

– Planen blir lagt inn som del av opplæringa til nytilsette. Denne blir rullert og endra etter kvart. Det er viktig at den blir heldt levande og oppdatert. 

Planen vart samrøystes vedteken. 

Vald råkar alle aldersgrupper

Politikar Siv Bakken (Ap) meinte det var viktig at planen inkluderte alle, og ikkje berre var retta mot barn og unge. 

– Vald skjer i alle aldersgrupper. Ap meiner dette er ein god, samla og detaljert plan. Det er nesten som ei handbok for dei forskjellige etatane. Det er viktig at denne planen vert formidla på rett måte, sa ho. 

Til toppen