NYE FUNN: Seks kadaver vart funne i Lærdal sist helg. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.
NYE FUNN: Seks kadaver vart funne i Lærdal sist helg. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.

Har utvida fellingsløyve på ein jerv

Bakgrunnen er nye funn av kadaver i Lærdal sist helg. 

Lærdal: Lærdal sankelag har søkt forlenging og fått skadefellingsløyve på ein jerv i perioden 7. til 9. september, då det sist helg, 5. til 6. september, vart det funne seks kadaver i Lærdal. Det skriv fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider

Har teke elleve så langt i haust

Statens Naturoppsyn har dokumentert tre lam som vart tekne av jerv ved Breisete ovanfor Erdal i Lærdal 19. august. Dette er eit området har har vore omfattande jerveskade også tidlegare år. Vidare har SNO dokumentert to nye kadaver, i tillegg til dei seks kadavera som vart funne sist helg. 

Oppmodar om å sanke sau

Då det er grunn til å tru tapstala at er større, oppmodar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om å starte nedsanking av sau i området så snart som mogleg, noko ein kan søka tilskot om. 

Då det er mykje sau på utmarksbeite, vurderer SNO skadepotensialet som stort i kommunen. 

Den ordinære lisensfellinga startar 10. september, der rovviltnemnda har sett ei kvote på åtte jervar i region 1.

Til toppen