KLAR: Gabrielle kjem til Målrock 2017 – den populære artisten frå Bergen spelar freddagskvelden. Pressefoto
KLAR: Gabrielle kjem til Målrock 2017 – den populære artisten frå Bergen spelar freddagskvelden. Pressefoto

– Har vakse mykje sidan ho var på Målrock sist

«Skam»-aktuelle Gabrielle avsluttar fredagen under årets Målrock.

Årdal: – Gabrielle har vore ein stor hit blant publikum på Målrock tidlegare, og ho har fått litt ny blest no med låta til TV-serien «Skam». Så det blir spennande å få Gabrielle hit – ho kjem til å avslutta fredagen, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen. 

Musikken til Gabrielle har blitt flittig brukt i NRK-serien Skam, og etter at serien vart populær i både Sverige og Danmark, har nabolanda  fått augo opp for musikken hennar. Monsterhiten «Fem Fine Frøkner» frå 2014 har fått nytt liv og ligg i toppen av spotifylistene hjå våre skandinaviske vener.

– Treff eit breitt publikum

SIST GONG: Frå då Gabrielle vitja Målrock i 2014. Arkivfoto
SIST GONG: Frå då Gabrielle vitja Målrock i 2014. Arkivfoto

Etter eitt år i studio er bergensartisten dessutan aktuell med ny musikk. Tidlegare i år kom singelen «Vekk Meg Opp» som har fått god mottaking og vart vekas låt på P3. Det er mykje i vente frå den kanten framover; Gabrielle vil på kvar siste fredag i månaden sleppe ein ny singel.

– Me er grenselaust nøgde at Gabrielle er klar for Målrock. Dette er noko for alle, musikken hennar treff eit breitt publikum, noko me opplevde førre gong ho vitja festivalen vår. Så er det sjølvsagt midt i blinken for Målrock at ho syng på norsk, seier Norheim Moen. 

Gabrielle slo gjennom som artist i 2011 med debuthiten «Ring Meg» frå albumet «Mild Sagt», som vart spellemannsnominert og selde til dobbel platina.

Åra etter turnerte ho mykje på festivalar og konsertscener, og utvikla etter kvart eit modnare uttrykk som resulterte i mellom anna superhiten «Fem Fine Frøkener» som herja hitlistene i 2014. Same år opptredde ho på Nobel Price Concert som gav ho merksemd lang utover landegrensene.

Målrock 2017 går av stabelen i Årdal 9-12. august. Frå før er Sondre Lerche, Janove, Hjerteslag og Brut Boogaloo klare for sommarens festival.

Les også: Kaizers-Janove er klar for Målrock

Les også: Tidleg julegåve til Målrock-fansen

Til toppen