FREDELEG: – Eg trives veldig godt her. Det er så stille, og vakker natur, seier Brett Fellows (t.v.). Her saman med Joey Sinton. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
FREDELEG: – Eg trives veldig godt her. Det er så stille, og vakker natur, seier Brett Fellows (t.v.). Her saman med Joey Sinton. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Har vakse på britisk input

Etter at Joey Sinton og Brett Fellows kom til Årdal FK, har laget heva seg nokre hakk både i kampar og på treningar, ifølgje trenar Ivan Øy. 

– Me trives veldig godt her i Årdal, seier dei britiske fotballspelarane. 

Etter vårsesongen reiste Sinton attende til England for å spele fotball der. Då dette ikkje gjekk heilt som forventa, ynskja han å kome til Årdal FK og spele siste del av sesongen også. Med seg til haustsesongen hadde han Brett Fellows, ein kamerat frå heimstaden Birmingham.

OVERRASKA: Ivan Øy er særs nøgd med dei to britiske spelarane på laget, og er positivt overraska over Brett Fellows sine evner.
OVERRASKA: Ivan Øy er særs nøgd med dei to britiske spelarane på laget, og er positivt overraska over Brett Fellows sine evner.

– Dei har tilført klubben ein ny spelekultur, og treningsnivået deira er høgt. Heile laget har vakse på at dei kom til oss denne sesongen, seier Øy. 

Fotball på heiltid

Frå Sinton var 16 år gamal har han vore fotballspelar på heiltid på U21-nivå for blant anna QPR og Derby. Han vandrar difor i faren sine fotspor, Andy Sinton, som i tillegg til å ha spelt landslagskampar for England, og har spelt for klubbar som Sheffield Wednesday, Queens Park Rangers og Tottenham Hotspurs. 

– Agenten min har ordna prøvespeling for nokre klubbar i England i januar, så eg kjem nok ikkje attende til Årdal, seier Sinton. 

Brett Fellows ynskjer også å spele fotball på heiltid, men førebels har han ikkje komt gjennom nålauga til dei engelske klubbane. Men draumen hans er å spele på Birmingham City.

– Då eg fekk spørsmålet om å vere med Joey til Årdal, måtte eg berre gripe sjansen, seier Fellows.

Føler oss trygge

Med seks kampar att i haustsesongen, ligg Årdal FK på 10. plass i 3. divisjon. Ivan Øy meiner at laget må over 30-talet på poenglista for å vere heilt trygge på å ikkje rykke ned.

– Me har eit altfor godt lag til å rykke ned. Det er ganske jamnt mellom laga me skal møte i tida framover, men ved å halde fram med det gode arbeidet så føler eg meg ganske trygg på at me held oss i 3. divisjon.

 

 

Til toppen